Bjoa - Haugesundkam 2 -2
Av: Trygve Hetland 05.06.2000

Bjoa greidde det igjen - spela uavgjort 2-2 mot Haugesundkam

Som i første seriekamp blei det poengdeling borte, denne gongen mot Haugesundkam., etter at Bjoa leia 2-1 ved pause. Å vinna jamne kampar viser seg altså å vera vanskeleg.

Fredag 2. juni spela Bjoa seriekamp i 5. divisjon mot Haugesundkam på kunstgrasbanen i Haugesund. Det blei ein fartsfull og tøff kamp alt frå starten av der begge laga demma godt opp i forsvar og sette god fart på ballen i angrep, noko som ikkje var vanskeleg på eit vått underlag.



Haugesundkam tok leiinga etter 14 min på frispark frå omlag 40 m som var slått inn framfor mål, og for dårlege klareringar gjorde at ballen vart sett i mål frå kloss hald. Bjoa hadde gode angrep, men var for unøyaktig med pasningane framfor mål. Haugesundkam hadde fleire hjørnespark, men ingen av desse gav utteljing. Så etter 24 min lykkast Bjoa med godt pasningsspel, og innlegget frå Roger Rolfsnes sette Tormod Sandsgård i mål. Og i det siste minuttet før pause spela Inge Espenes ein presis langpasning gjennom til Tormod Sandsgård som var på løp. Han var plutseleg åleine med keeper, trong to forsøk, og scora på det andre. 2-1 leiing til Bjoa ved pause.



Sjølvsagt god tone i Bjoa-laget, og endå røffare spel av Haugesundkam i starten av 2. omgang. Med gule kort roa dommaren ned munnbruk og stygge taklingar hos heimelaget. Bjoa-spelarane konsentrerte seg heldigvis mest om å spela fotball og å halda "håve kaldt" når heimelaget kom med hurtige angrep av tekniske, raske spelarar. Men etter 37 min greidde ikkje Bjoa-laget å stansa ein kontring gjennom presist veggspel, og heimelaget utlikna til 2-2, som også vart sluttresultatet. Begge laga hadde eit par gode sjansar til å avgjera kampen, Bjoa i det siste minuttet, men det blei altså uavgjort.



Dermed blei det nok ei poengdeling, eitt poeng forsvann, og 3-poengaren for å vinna lar venta på seg. Men til gjengjeld viser Bjoa-laget seg vanskeleg å slå, noko som gir tryggleik i laget. Med gode treningar dei neste vekene ser nok spelarane fram til neste kamp, som er mot Stegaberg lørdag 17. juni kl 15.00



Bjoa sitt lag mot Haugesundkam:

Stig Dommersnes, Oddbjørn Gjerde, Åge Solberg, Inge Espenes, Dagfinn Knutsen, Frode Berge, Tormod Sandsgård, Bjørn Helge Sandsgård, Roy Erik Hetland, Roger Rolfsnes, Øystein Sandsgård og Jostein Knutsen (10 min.)



Grannarstjerner: 3 – Tormod Sandsgård, 2 – Bjørn Helge Sandsgård, 1 – Inge Espenes