Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett


Søk i artikler:

Ope brev om heimeundervisning
Av: Redaksjonen Bjoanett 01.09.2000

Det har dei siste dagane vore ein del snakk om heimeundervisning på Bjoa. 16 av 19 elevar i ungdomsskulen er tekne ut i heimeundervisning i påvente av ei godkjenning av ein privat ungdomsskule.



I Haugesunds Avis 31. august blir det referert frå eit svar til Ølen Kommune frå Utdanningsdirektøren i Hordaland. I artikkelen kan ein lese at born som blir tekne ut i heimeundervisning misser mange av dei rettane dei har i den offentlege skulen.



Bjoanett har motteke ein kopi av eit ope brev til Statens utdanningskontor i Hordaland frå ein av foreldra, Agnes Matre Fosse, som i tillegg ønskjer å få fram følgjande:





"Me ynskjer ikkje å sende ungane til Ølen for så å rive dei opp frå dette, om me får ei godkjenning på privatskule. Når det gjeld dei som går i 10.klasse og det som har stått i avisa om rett til karakterer er det berre det å seie. Borna har ikkje rett, men Ølen kommune har lov å gje desse standpunktkarakterar. Ølen kommune mottek fleir hundre tusen kroner for desse borna medan dei er i heimeundervisning. Me meiner at kommunen kan bruke noko av desse pengane til å tilrettelegge for standpunktkarakterer. Det som var referert i avisa var ikkje noko vedtak frå utdanningsdirektøren, men eit svar på eit brev frå skuleadministrasjonen i kommunen. Hadde skuleadministrasjonen bede utdanningsdirektøren om råd på korleis dei kan imøtekomma våre krav, så hadde dei fått svar på dette."



Vedlagt sender eg med ope brev til Utdanningsdirektøren i Hordaland, for å prøve å peike på kva som er urimleg i denne saken.



Vedkommande brev til Ølen kommune om heimeopplæring datert 23.08.00.



Viser til Dykkar brev til Ølen kommune om retten til å få avgangskarakterer ved heimeopplæring.


Som det går fram av dette brevet, så har ikkje mitt barn rett til å få vurdering i form av standpunktkarakterer på vitemålet, ei heller lov å gå opp som privatist i alle fag for å få eit likeverdig vitnemål. Konsekvensane for dette er at mitt barn då stiller svakare ved opptak til vidaregåande skular enn andre, fordi konkurransepoenga uteblir. I opplæringslova §| 1-1 om verkeområdet for lova står det:



"Lova gjeld private grunnskolar som ikkje mottek statstilskot etter privatskulelova og privat heimeopplæring i grunnskolen."



Difor må ein gå ut frå at når ikkje anna er sagt, så gjeld lova og for heimeunderviste born.


I Norge i dag har me lik rett til opplæring, og til vidaregåande opplæring j.f. §3-1 i opplæringslova. Denne retten omfattar alle born i Norge som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring. Opplæring i heimen er lovleg grunnskuleopplæring, og born som får denne opplæringa fullfører dermed grunnskulen.



De viser i Dykkar brev til kommunen, at deira ansvar er avgrensa til å ha tilsyn med opplæringa i heimen.Dette vil implisitt medføra at kommunen må organisera eit tilsyn som sikrar at dei heimeunderviste borna får tilsvarande opplæring. Dermed skal kommunen ha nok viten om eleven til å kunne gje den einskilde karakter i høve til dei kunnskapane eleven har. Utan ein slik viten kan kommunen etter mitt syn ikkje greia oppgåva med å halda tilsyn. Kommunen har ansvaret for å innkalla desse elevane til særskilde prøvar om dette er nødvendig. Prøvane bør kunne danna grunnlag for standpunktkarakterer for desse elevane. I tillegg kjem den dokumentasjonen foreldra sjølve har for ungane sine, mapper, prøvar, tekstar, prosjektarbeid o.s.v. Dette skal og tilsynet ha innsyn i, og kan danna seg eit bilde av eleven sine kunnskapar. I dag er elevvurdering og foreldrevurdering ein del av vurderinga i offentleg skule. Likeeins brukar ein ulike opne prøveformer, med bok, med førebuing osv. Dette gjer sitt til at habilitetsproblemet i mange hensyn er løyst. Difor bør nokre prøvar, heildagsprøvar o.l. vere nok i tillegg til anna arbeid som ungane arbeider med heime.



I § 1-2 i opplæringsloven som og omfattar heimeunderviste born står det å lesa at opplæringa skal leggje eit grunnlag for vidare utdanning og for livslang læring.


Eit vitnemål frå grunnskulen utan standpunktkarakterer gjev ikkje eit likeverdig grunnlag for inntak til vidaregåande utdanning.



Elevane er meld ut av den offentlege skule, men er ikkje meldt ut av kommunen. Kommunen har ansvar for alle innbyggjarane, og bør etter mi meining imøtekome ulike behov så langt som råd er. Det har frå foreldre på Bjoa vorte teke kontakt med jurist i KUF. Han seier at kommunen har all rett og lov til å imøtekomme foreldre , og finne løysingar på korleis standpunktkarakterer kan setjast. Kommunen har altså lov å gje borna våre karakterer. Kommunen mottek statstøtte for desse, og har dermed ikkje ekstra økonomiske utgifter ved å samarbeide på dette punkt.



Vidare seier De i brevet at det ikkje er mogleg for barn å ta avgangsprøve i grunnskulen som privatist.



 


Eleven som er heimeundervist, fullfører grunnskulen heilt lovleg. Etter min meining må dette tolkast som at eleven er ein grunnskuleelev, og har ikkje berre rett, men plikt til å verta vurdert. Berre i heilt sæskilde tilfelle kan ein fritakast frå vurdering.


Blir ein ikkje rekna som grunnskuleelv, så må ein jo ha rett til å gå opp som privatist.


Om ikkje, så er jo saken den at ein i Norge skil ut ei gruppe mennesker i ein særskild alder,og i ein særskild situasjon, og nektar dei retten til dokumentasjon som kan likestille dei med andre.


Når kommunen mottek statstøtte for mitt barn, så burde dei ha plikt til å imøtekomma oss på dette. Om dei ikkje har plikt etter lova, så har dei langt på veg ei moralsk plikt. Dei er våre folkevalgte, som er sett til å arbeida for alle i ein kommune. Hensikta er vel ikkje å gjere tilhøva for innbyggjerane mest mogleg vanskelege. Det minnar mykje om feil bruk av vår tillit og feil bruk av makt.


Om saken er den at Utdanningskontoret i Hordaland og Ølen kommune brukar norsk lov eller tolkar norsk lov slik at dei nektar å gå inn i eit samarbeid der ein sikrar heimeunderviste elevar standpunktkarakterer, ser eg dette som eit brudd på menneskerettane og det er særs alvorleg når desse lovane blir brukt mot ein person som ikkje er myndig og dermed ikkje istand til å kjempa for si sak.


Eg har ingen plass i loven eller i forskrift til loven funne at det er ulovleg for ein kommune å gje heimeunderviste born fullverdig vitnemål. Standpunktkarakterar burde greit kunne gjevast ut frå prøvar. Vaksne som tek grunnskuleopplæring tek 4 standpunktprøvar, det bør vel ikkje vere meir komplisert for desse borna.


I forskrift til opplæringslova § 9-3 står det:



"Karakteren i det enkelte faget skal gje uttrykk for kva nivå eleven er på når karakteren blir fastsett."


Vidare står det:



2. Fastsetjing av karakterar for elevar som får anna opplæring.



" For elev som dels får anna opplæring enn dei andre, og som ikkje er friteken for vurdering med karakterar, skal ein følgje desse reglane:




  1. Karakter frå siste ordinære karakteroppgjer, eller

  2. karakter fastsett på grunnlag av prøve.



Det skal vidare avgjerast om :




  1. eleven skal ta del i same slags prøver som dei andre elevane, eventuelt til ei anna tid eller i ei anna form, eller om

  2. det skal haldast særskilde prøver som byggjer på dei kunnskapane og røynslene eleven har fått i opplæringa, når desse kan knytast til fag og emne der eleven ikkje har følgt vanleg undervisning. Eleven skal ikkje prøvast i dei delane av lærestoffet som han eller ho ikkje har hatt høve til å arbeide med i dagar med annan opplæring.


Eg kan ikkje sjå at heimeunderviste elevar er meir spesielle enn elevar som får anna opplæring.



I Krøshærad kommune i Buskerud har karaktergjeving for heimeunderviste born vore praktisert. Tilsyn har saman med foreldre kome fram til karakterar, som etterpå har vorte godkjende av kommunen som standpunktkarakterar. Slik eg ser det, så står og fell dette med velviljen frå den enkelte kommune og det enkelte fylke.



Eg er ikkje tilsett i offentleg forvaltning for å gjera ein jobb for innbyggjarar i kommunen/fylket. Det er difor ikkje eg som skal finna løysingar. Men opplæringslova gjev desse tilsette høve til å imøtekomma og finna gode løysingar. Eg forstår ikkje kvifor dette ikkje kan la seg gjera. Slik det er no , vert det tilfeldige løysingar for heimeunderviste ungar avhengig av personen/ane som sit med makta. Dette er ikkje godt nok.



Som foreldre kan eg ikkje godta at kommunen eller fylket behandlar mitt barn slik. Om det viser seg at det einaste svaret for Ølen kommune/Hordaland fylke er å ikkje la mi dotter få standpunktkarakter, når kommunen mottek statsstøtte for henne, ser eg meg nøydd til å melde dette inn for Den Europeiske menneskerettsdomstolen.



Som foreldre ynskjer me det beste for våre born. Eg er ikkje ute etter å angripe den offentlege skulen. Kommunen valde å leggje ned vårt tilbod i heimbygda. Eg har vald eit lovleg alternativ slik at mitt barn får opplæringa si i heimbygda og slepp å reise vekk for å fullføre grunnutdanninga.


Ølen kommune og Hordaland fylke har her eit høve til å vise seg samarbeidsvillige på dette.De kan vere med på å utvikle eit opplegg som sikrar alle born i Norge eit fullverdig vitnemål uavhengig om kva alternativ opplæring dei vel. De har og eit høve til det motsette, men då må eg ta i bruk dei verkemiddla eg har, og kjempe for rettane til mitt barn, slik at ho får rett til same dokumentasjon ved avslutta grunnskule som andre born .


Ein må ikkje gløyme at vitnemål frå grunnskulen skal vise kor eit barn er kunnskapsmessig , slik at det får høve til passande vidaregåande utdanning. Ein treng ikkje bruke dette vitnemålet til noko anna enn det. Tanken om grunnskulevitnemål som noko anna, bør alle som idag arbeider med skule vita at, er forelda.



Tilslutt ber eg utdanningsdirektøren koma med eit konkret forslag på korleis mitt barn, kan få standpunktkarakterer på vitnemålet sitt. Kva må til av samarbeid frå Ølen kommune. Er det andre innstansar som har ansvaret for henne? Desse ungane har valt eit likeverdig opplæringstilbod. Eg ber om eit svar på brevet snarast. No er det på tide å sikra dei heimeunderviste borna i Norge rett til skikkeleg dokumentasjon. Dei er hardt arbeidande, positive og flinke og bør få utteljing for dette.


Me i Ølen kommune som har ungane våre i heimeundervisning, er no lei av at desse borna ikkje har rettar på lik linje med annan ungdom. Me er lei av å verta mistenkleggjort i høve til heimeundervisninga. Me kjem framover til å jobba på alle frontar for å kjempa fram desse rettane.


Det er dykkar val å vera med eller å motarbeida dette.



Vennleg helsing



 


Agnes Matre Fosse



Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon

Søkeresultat

• Sakshandsaming, ryddig og konstruktiv??
• Søknad om privatskule snart ferdig
• At de tør!!!
• Stå på folkens !

< Forrige | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 |