Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett


Søk i artikler:

Skipingsmøte for Bjoa Bygdeutviklingslag
Av: Jarle Sandsgård 30.04.2000

SKIPINGSMØTE


FOR


BJOA BYGDEUTVIKLINGSLAG


TYSDAG 9. MAI KL. 1930


I GYMSALEN.


 


Kvar enkelt innbuar på Bjoa er med dette invitert til å vere med på det historiske skipingsmøtet for eit eige utviklingslag i bygda.


 


Eit interimstyre har arbeidd med førebuingane til dette skipingsmøtet. Interimstyret har vore samansett slik:


Harald Hetland, leiar. Gunnar Dalen, økonomiansvarleg. Kåre Frøland, sekretær. Svein Yrkje.


Knut Omdal.


Interimstyret har og arbeidd med den økonomiske sida av fritidsklubben og så langt er resultata gode. Interimstyret har vidare tatt på seg oppgåva med å vere valnemnd og fylgjande er førespurde og har sagt ja til å stille i styret:


Gunnar Dalen. Ingebjørg Innbjo. Knut Omdal. Harald Hetland.


Fleire vil bli førespurde før møtet slik at nemnda vil leggje fram ei komplett forslag til 5 styremedlemer og 3 varamedlemer til møtet.


 


Forslaget til vedtekter legg opp til at:


Bjoa Bygdeutviklingslag skal vere eit frittståande lag med ope medlemskap for alle over 14 år som bur på Bjoa eller på annan måte kjenner seg knytt til bygda.


Bygdeutviklingslaget skal drive framtidsretta bygdeutvikling med vekt på næringsutvikling og gode bu- og oppvekstvilkår for å verke med til at Bjoa skal vere eit levande og attraktivt bygdesamfunn.


 


Ungdomane og borna er ein viktig del av lokalsamfunnet sitt liv og identitet. Bygda skal få sin eigen ungdomsskule og i arbeidet fram til denne er realisert vil finansiering og drift av fritidsklubben vere ei viktig oppgåve for Bjoa Bygdeutviklingslag.


Konkrete personar er førespurde som leiar av fritidsklubben og saka er no langt koma. Orientering om stoda vil bli gjeven i møtet. Økonomisk sett skal det ikkje vere særlege problem med å få tilsett ein kvalifisert person og det har heller ikkje vore problem med å få verdige kandidatar. Interessa for å vere med på det som no skjer på Bjoa er stor i vide krinsar!


 


Sakliste:


Vedtekter må vedtakast.


Styre må velgast.


Vi må bli samde om hovudtrekka i ein arbeidsplan som styret skal arbeide etter.


 


Møtet varer fram til kl. 2030. Då startar eit møte for foreldra som no har tatt borna sine ut til heimeundervisning.


 


 


Harald Hetland


Leiar i interimstyret


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon

Søkeresultat

• Bygdakafeen - en sosial møteplass
• PRIVATSKULE PÅ BJOA ÅR 2001-2002
• Det er Kulturmidler i luften!
• Buo Landhandel 1 vekes jubileum - gratulerer
• Nyåpning av Buo Landhandel .
• Julehelsing med takk!
• Ser du nyhetene?
• Korleis vidareutvikla kulturarbeidet/tilbodet i Bjoabygda?
• Bjoa Bygdesenter blir nå etablert
• Formannskapet med hjelp til bygdasenteret

< Forrige | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | Neste >