Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Sjokoladekake a`la Bjoa kåra på Bjoamarknaden
Av: Ingrid Steinsland 04.09.2001

Så fekk me ei sjokoladekake me kan kan kalla ”Sjokoladekake a`la Bjoa”. Og vinnaren, den som fekk ”publikumsprisen”, vart kake nr 10: ”Sjokoladekake med smørkrem”, baka av Liv Kari Bødtker.

Før konkurransen heitte den visst ”Tunge spesial” og er i følge Liv.ei omarbeidd oppskrift frå Dalen
Liv Kari hadde først meldt på ei anna kake, men då den alt var påmeld fekk ho i siste liten beskjed om å finna ei ny. Dermed vart det visst nesten natta og gråten, - mailen med oppskrifta vart i alle fall sendt etter vanleg leggetid …..
Den kaka som juryen, d.v.s.formannskapet ved Arne Bergsvåg, Ståle Jordal og Anne Tone Salte Andersen hadde som favoritt, og gav ”juryprisen” var kake nr 8, ”Bjoasjokk”. Den var laga av Elin Arianson, og ho hadde bakt den tre gonger før ho fekk den som ho ville. Så her ligg det innsats bak hos nokon og ein kvar.
Premie vart det også til kake nr 4, baka av Brit Tveit etter Krisian Tveit si oppskrift, og til Berit Knutsen for kake nr 5 som ho har hatt som ”spesialitet” ein del år.
I alt 12 sjokoladekaker var med i konkurransen, og det var inga lett oppgåve å kåra ei vinnarkake blant så mange velsmakande og mektige kaker.
Så takk til juryen, publikum og sist, men ikkje minst, de som var sporty og tok utfordringa med å baka!

Oppskriftene finn du her


Les også


    om Bjoamarknaden
    om Vestida si klesvisnig
    om debatten
    om fotokonkurransen
    om sjokoladekake-konkurransen

    Grannar si dekning av marknaden



Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa