Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
Av: Marit Eikehaugen  18.03.2019

Bjoa Sanitetsforening: Bli livreddar – ikkje livredd, er litt av mottoet når Bjoa Sanitetsforening (tidl. Bjoa Helselag) inviterer til førstehjelpskurs onsdag 27. mars.

«Sammen redder vi liv» er ein nasjonal førstehjelpsdugnad der mange organisasjonar har engasjert seg og tatt ansvar for ulike målgrupper. Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) er ein engasjert aktør i dugnaden, og har spesielt tatt ansvar for førstehjelpsopplæring med fokus på alvorleg sjukdom som oftast rammar eldre. Bjoa Sanitetsforening synes dette er eit kjempeviktig og aktuelt tema, og har invitert Pernille Næss, prosjektleiar i NKS, til Bjoa for å halda to kurs denne dagen. Det eine kurset blir ein informasjonsdel retta mot eldre som ein del av Kløvertreffet denne onsdagen. På kveldstid ønskjer me alle aldersgrupper velkomne til ein kurskveld med både teori og praksis.

Temaet for begge samlingane blir
• Veit du kva symptom som kan vera teikn på akutt, alvorleg sjukdom?
• Veit du når du bør ringa 113?
• Vet du kva du kan gjera ved akutt, alvorleg sjukdom hos deg sjølv eller andre?

Opplæringa har fokus på hjerneslag (gjennomsnittsalder 75 år), hjerteinfarkt (gjennomsnittsalder 70 år), og hjertestans (gjennomsnittsalder 66 år). Det er viktig å vita at kvinner og menn har litt ulike symptom, og at eldre ofte også kan ha litt veikare symptom.

På kveldskurset får du prøva hjarte-lunge-redning på Anne-dokker, og me prøver også få til demonstrasjon av hjartestartarane me har utplassert på Bjoa.

Målet er ikkje at flest mogeleg skal bli førstehjelpsinstruktørar, men i dag er mange for usikre og føler at dei kan for lite. Hovudmålet vårt er å seinka terskelen for å ringa 113. Eldre skal også vera trygge på at dei får hjelp og rettleiing der. Kursa er gratis som ein del førstehjelpsdugnaden.

Helsing
Liv-Kari

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa
• 02.11 - Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld
• 01.11 - FAMILIETRIMMEN