Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

MS Sunnhordland kommer til Innbjoakaien
Av: Marit Eikehaugen  06.02.2017

Tirsdag 7. februar kl. 12.00
legger veteranskipet MS Sunnhordland til kai på Innbjoa. Da har du anledning til å gå ombord og møte historien fra en svunnen tid. Til årene da det flotte skipet var sjøveien til og fra byen mellom de syv fjell, og for mange sunnhordlendinger, dagens store begivenhet for alle som ventet dens ankomst. Møt derfor opp på buo og ta vår Amerikabåt og ildsjelene som tar vare på historien vel imot.

Vi har hentet følgende fra Veteranskipet MS Sunnhordkland sin Facebookside:

Veteranskipet M/S Sunnhordland - Segling i Sunnhordland - Praktisk informasjon

Kaptein Jarle Møllerhaug med mannskap kjem til å føre Veteranskipet trygt i havn. Det vil være mannskap ombord i tillegg til nokre frivillige og Sigbjørn Framnes, som er daglig leiar for Veteranskipet.

OPE SKIP
Staks Veteranskipet M/S Sunnhordland legg til og er fortøyd vil det være mogleg å gå ombord. Det koster kr 100 å løyse billett. Skipet tek kun kort.

SET AV GOD TID
Frå ankomst er det ope i aktersalongen. Her får ein både kaffi, drikke og noko å bite i. Veteranskipet har alle rettighetar og ein tek sikte på å ha ope til klokka 23 og gjerne litt til.

Frå klokka 16 til ca 21 er det servering i salongen framme. Det er her bufeet med varm mat. Ein får anvist bord av personellet i salongen og kjøper drikke ved bordet. Ein forsyner seg så av bufeen, så mange ganger ein ønsker. Salongane her rommer ca 120 personer samstundes.
Det er ikkje mogleg å reservere bord. Ein har rikelig med mat og klarer i løpet av 4 timer å servere ca 200-250 personer. Er det stor pågang til tider, så nyttar ein salongen bak til å vente på plass. Dette er både hyggelig og sosialt.

Pris på servering varierer etter kva som er på menyen. Normalt mellom 250 og 350 kr pr person. Det er eigne prisar for born.

OMVISNING
Mannskap frå Veteranskipet M/S Sunnhordland viser rundt i skipet. Her er det bare å bli med rundt. Her tar ein turen gjennom korridorer, styrehus, lugarer og salongane. Er det noko spesielt ein vil sjå, så løyser me det undervegs.

UNIVERSELL UTFORMING
Dette er desverre eit framandord ombord i Veteranskipet. Adkomsten til skipet er over ein landgang. Landgang er ca 80 cm breid med gode håndrekker. Høgdeforskjellar frå landgang til dekk er ca 20 cm. Når ein så kjem ombord, så er ein på bildekk planet. Ein skal så inn i skipet via ei dør med ein 10 cm høg terskel. For å komme til salongdekket må ein opp ei trapp. Trappa har ca 20 små trinn, og er bratt. Trappa har gode rekkverk. Når ein så kjem opp på Salongdekket, er alt på et plan, med 4 cm terskler i dører. Korridorer er smale.
Mannskapet har ei svært positiv innstilling til å bidra om det er noko som skal løysast.

Når dette er sagt, så har ein både sett blinde som har fått synet tilbake og personer i rullestol som har sprunge opp leiderene for å sjå M/S Sunnhordland.

SEGLAS
Det er mogleg å være med som passasjer mellom stoppestadane. Ein kan kun kjøpe billettar ombord. Dette kan ein gjere heile tida mens skipet er ope.

Lag og firma med meir en 20 personar, kan bestille bilettar på post@mssunnhordland.no
Det vert oppslag ombord om når Veteranskipet går frå kai.
Oppmøte normalt ca 1 time før ankomst neste stad.
Pris pr bilett kr 200

ARRANGEMENT
Skipet har i hovedsak 4 salonger. Kapasiteten er 2 salonger med plass til 15 stk, ein med plass til 80 og ein med plass til ca 100. Det er fullt konferanseutstyr ombord med PA anlegg og storskjermer.
Det er råd å tinge plass på veteranskipet om det er td vekesmøte i bedrifta, Kundemøter eller om det er møte i idrettslaget som skal holdes. Ein har bysse ombord med moglegheit for å tinge møtemat. Tinging/førespurnad på post@mssunnhordland.no

VENELAG
Veteranskipet M/S Sunnhordland har eit fantastisk venelag. Her kan ein ta del på forskjellig vis i drifta og ikkje minst det sosiale på Veteranskipet. Det er informasjon ombord og på www.mssunnhordland.no
GENERELLT
Det er godt og varmt ombord. Uavhengig av vært som ein ikkje rår over, føregår det aller meste ombord innandørs.

REISERUTE
Veteranskipet M/S Sunnhordland vert liggande på stoppestadane, til den går til neste stad. Skipet går ca 1 time før ankomst neste stad.
Valevåg 06 februar kl 12
Bjoa (Innbjoakaien) 07 februar kl 12
Ølen 08 februar kl 12
Etne 10 februar kl 15
Skånevik 12 februar kl 13
Fjelberg 14 februar kl 10
Halsnøy 14 februar kl 15
Sunde 15 februar kl 12
Haugesund 17. februar - meir informasjon kjem.
Bergen 23. februar - meir informasjon kjem.

GODE HISTORIAR
Her er ei røvarhistorie:
Ei ungdom frå Apalvik på Bjoa, skulle til Ølen. Ikkje alltid like lett å følge med på tida, utan klokke. Karen sykla frå Apalvik, og nett når han kom ned mot kaien og såg "Sunnhordland" til kaien på Innbjoa, så skjønnar han at han er sein, og båten er på veg ut.
Sunnhordland går i springen, og akterenden er ein meter frå kaien.
På brøkdelen av eit sekund, så bestemmer han seg for at mannskapet får bli så sure dei bare vil, han skal ombord. Han trør det han er mann for det siste stykket på sykkelen, og nærast kaste sykkelen opptil veggen på butikken, før han bykse forbi folka på kaien, tar sats og hopper inn mot akterdekket. Klamrer seg til rekka, og kaster seg inn på akterdekket. Eine matrosen ser ned på guten som ligg på dekket, og seie; "Du kunne no venta til me var ferdige å legge til.............."

Hjertelig velkommen ombord!

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 31.08 - Bjoa Helselag inviterer til basar
• 31.08 - Helselaget inviterer til damekveld med sjokolade
• 18.07 - Bjoa Båtlag inviterer til familiedag
• 03.07 - Hage, familiedag på Bjoa
• 20.06 - Basar
• 30.05 - Velkommen til medlemskveld i Bjoa Helselag
• 13.05 - 17. mai på Bjoa - Program for dagen
• 25.04 - Bjoa Båtlag – Vårdugnad
• 18.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2017
• 07.04 - Bjoa IL - Påskebasaren 2017