Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Lokalhistorisk kveld
Av: Guri Ravatn  30.11.2016

Onsdag 7. dessember samlar Vindafjord bibliotek lokalhistorisk interesserte i Grannar-distriktet til ei hyggeleg samkome. Her blir presentasjon av heile tre sogeskrift: «Årbok for Etne sogelag», «Vindetreet» og «Segn og soge».

Representantar frå bladstyra vil gje små og store innblikk i årets blad og det vil bli høve til spørsmål, kommentarar og utveksling av erfaringar og idear.

Først i programmet har me den store gleda av å vera med på ei reise i «country-landskapet». Helge H. Hjelmtveit frå Etne har med seg gitar og anna utstyr og songar med røter i country-musikken. Når det i tillegg vert heimebakst, kaffi og te - samt høve til å sikra seg ferske sogeblad- ligg alt til rette for ein kveld med hygge og nytte!
Velkomne frå alle Grannar-bygder og fleire til!

Foto: Marit Eikehaugen


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 16.02 - Bjoa Bygdeutviklingslag inviterer til årsmøte
• 30.01 - Bjoa Båtlag - Årsmøte
• 28.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.01 - Bjoa Helselag inviterer til Fjør og vin
• 25.01 - Bjoa Boksamling - vinterkafé
• 28.12 - Eiendom til salgs - Apalvikfeltet på Bjoa
• 24.12 - Julaften i Bjoa kyrkje
• 18.12 - Juletresalg
• 18.12 - Juletresalg i Apalvik
• 10.12 - Skulegudsteneste i Bjoa kyrkje - open for alle