Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Vårdugnad ute og inne på Helsehuset
Av: Bjoa Helselag  13.04.2016

Hei medlemmer og andre venner av Helsehuset! Det er igjen tid for ei «oppsjaining» så alt er på stell til konfirmasjon og 17. mai.

UTE skal me luka og raka i bedet, få vekk visne stauder og gras, klippa greiner, kanskje leggja på noko kulestein og planta blomar.Ta med f.eks. hagerive, jernrive, spade, hagesaks, trillebåre, o.l.

INNE skal me vaska først og fremst kjøken, servise og skuffer og skap, men også vindu, dører og toalett, og rydda der det trengs. Ta gjerne med hanskar og filler.

Om du ikkje har helse/ork til å vera med å jobba, blir me veldig glade viss nokon steller til litt mat og kaffi /te til dugnadsfolket Me skal jo kosa oss også!

Dugnadsfolk kan komma når det passar i løpet av dagen. Folk frå styret er på plass og veit kva som skal gjerast.Ta kontakt med Liv-Kari tlf 415 49 252 eller Jone Markoviciute tlf 465 93 023 eller send ein pm her og sei frå kva du kan bidra med.

PS: Styret og nokre andre eldsjeler har gjort ein kjempejobb med renovering av leiligheten oppe. Men enno er det ein del igjen, og alt må vera klart til nye leigetakarar uti mai. Ta kontakt med Valjer K. Golias tlf 913 30 993 viss du kan hjelpa til.

ALLE SOM ER MED PÅ DUGNAD FÅR EIT LODD I BELØNNING, OG KAN VINNA EI FRUKTKORG

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa