Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Bjoa Montessoriskule startar opp
Av: Bjoa Montessoriforening 29.05.2001

Utlysing av lærarstillingar er igang og det blir opna for søkjerar til elevplassar.

Signala frå departementet har heile tida vore positive i høve til at søknaden skal bli gokjend. Søknaden ligg nå til "snarleg behandling" - noko som etter politikerterminologi betyr at det kan vere snakk om nokre dagar/ei veke. Det blir òg i Stortinget lagt inn ein interpellasjon om behandlingstida for privatskulesøknadar - noko som truleg vil verke positivt.

Sjølv om ideen om privatskule har utspring i at ungdomsskulen på Bjoa blei nedlagd er ikkje arbeidet for Montessoriskule ein protestaksojon mot kommunen eller mistillit til Ølen skule. Arbeidet er motivert av tru på at Montessoripedagogikken er ei god løysing for ungdommane våre. Denne trua er blitt styrka etterkvart som me har fått meir innblikk i innhaldet. Arbeidsmåtane som er bitt brukt i samband med heimeundervisninga sist vinter harmonerar i stor grad med Montessoripedagogikken og vil bli bygd vidare på.
Individuell tilpassing, frihet, orden, arbeidsro, ansvar for nærmiljø og samarbeid er viktige stikkord i ein Montessoriskule. Montessoriskulen driv etter L-97 (lærepanen som gjeld for den offentlege skulen)og elevane har såleis t.d kristendom/religion/livsysnsorientering som i vanleg skule. Elevane går opp til offentleg eksamen og får kararkterar på same måte som i offentleg skule.
Meir utfyllande informasjon finn du på heimesida til Norsk Montessoriforbund klikk på Informasjonshefte.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa