Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Vindafjord bibliotek onsdag 3. april
Av: Vindafjord Bibliotek 19.03.2013

Velkommen til biblioteket og Sjoarakademiet i Ølen.

Omtale av Onsdagsbiblioteket 03.04.13

Møt sjørøvaren Troy!

Vindafjord bibliotek sitt Onsdags-bibliotek har i haust og vinter hatt mange flotte opplesings- og fortellarstunder og sist eit fengslande dokketeater. Nå går det mot vår og sommar og onsdag etter påske, 3. april kl. 12, er det Frank R. Abelseth og Sjørøvaren Troy som avsluttar sesongen.

Det er kjekt å denne gongen kunna presentera lokale talent, både i tekst og bilde.
Frank R. Abelseth frå Sandeid ga hausten 2012 ut boka ”Sjørøvaren Troy- Møtet med kvalen Truls”. Boka er illustrert av Birgithe E. Johannessen som bur i Ølen. Ho nyttar fargerike og forteljande illustrasjonar som bygger opp under teksten i boka.

Om boka skriv forfattaren:”Troy er ein gut som vaks opp på øya Soppen, saman med familien sin. Ein storm kom overraskande på dei når dei var ute og fiska, og det endra livet til Troy. Noko også møtet med sjørøvarar gjorde. Ein kval berga Troy, og saman reiste dei på veg mot noko nytt.” Denne reisa kan du få vera med på om du kjem på Onsdags-biblioteket.

Barn og vaksne er velkomne. Fellessamlinga startar kl. 12.00. Biblioteket held ope frå kl. 11 til kl. 13, slik at det er høve til å spela spel, lesa i bøker, låna seg bøker eller filmar o.a, samt kosa seg saman med andre! Velkomne skal de vera!



Omtale av Sjoar-akademiet 03.04.13

Om å ha hund

Sesongen i Sjoar-akademiet går mot slutten. Onsdag etter påske, 3.april kl. 18 -20, er det hundehald som er tema. Denne gongen ynskjer me både barn, unge og vaksne velkomne til to informative timar saman med Gro Voldner Birkeland frå Vindafjord hundeklubb og hunden hennar.

Me startar inne med teori. Gro vil ta for seg ulike tema, medan ho bruker hunden sin til å demonstrera det ho snakkar om.

Tema blir: Hunden sitt språk, kva tyder det når hunden ser ut på ulike vis, litt om hunden sin luktesans, møte mellom barn og hund, kva born ikkje skal gjera mot hunden, vaksne sitt ansvar både overfor møte med fremmande hundar og for dei som har hund sjølve. Litt om plikter som hundeeigar, bandtvang, plukka opp etter hunden m.v.

Ute vil me få sjå ulike oppgåver ein hund kan gjera: Finna folk og gjenstandar, ulike kunster og lydighetsøvingar, korleis ta kontakt med hund m.a.

Dermed burde dette vera ein flott mulighet til større kunnskap for både hundeeigarar, dei som lurer på å skaffa seg hund og alle, alle andre.
Biblioteket har og har kjøpt inn nye hundebøker som kan kikkast på og lånast denne kvelden.

Det vert også tid til ein matpause med Sjoar-bolla, saft og kaffi. affi, saft og Sjoar-bolla. Inngang: kr 50 og kr 20 under 16 år.

Velkomne til små og store!


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa