Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Startsamling for bygdeutviklingsprosjekt på Bjoa
Av: Bjoa bygdeutviklingslag 19.05.2001

Inger Karin Nerheim innleiar/inspirerar til ein kveld med idemyldring, kaffi-drøs, på Bjoa skule mandag 21.5. kl 19.30.
Velkomen!

Bygdemobiliseringssøknaden har fått positivt svar. No startar me!
Som kjent så har Bjoa bygdeutviklingslag jobba på brei front for å komma igong med utviklingsarbeid i bygda.
Med lovnad på kr 380.000 fordelt over ein periode på 3 år går no startsskuddet for ulike utviklignsporsjekt i bygda.

Dei 5 satsingsområdene som ligg til grunn for tildelinga av midler er:
1. Stadeigne ressursar
2. Reiseliv og bygdeturisme
3. Kompetanse og tenestebaserte næringar
4. Bu- og oppvekstvilkår
5. Velkommen til Bjoa


Me legg vekt på å dra ungdom med i prosjektet.

No ligg alt til rette for å få til god og variert utvikling i Bjoabygda. Her er ope for ulike idéar og innfallsvinklar. Benytt sjansen til å vera med

frå starten! Det er ynskjeleg at flest mogeleg tek del i oppstartsmøtet som vert halde på Bjoa skule måndag 21. Mai. Her er det høve til å påverke kva retning bygda vår skal utvikla seg i ! Kvar og ein er viktig i arbeidet for å vidareutvikla bygda vår i dei retningane me sjølve ynskjer. Ein kvar idé er i utgangspunktet god. Me treng initiativ og innspel for at me saman skal gjera bygda vår endå betre for store og små, ung og gamal.

Det skjer mykje spannande i bygda for tida. Og meir kan komma til. Det er mykje opp til oss sjølve korleis bygda vår skal sjå ut i framtida på Bjoa skal sjå ut. Bli med å forma framtida! Velkommen til oppstartsmøte for Bjoa si framtid – vår framtid!

Arrangør. Bjoa bygdeutviklingslag

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa