Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

E 134 - Haukelidvegen
Av: Sigmund Tveit 06.09.2010

Det har, spesielt det siste halve året vore mykje stoff i avisene om dette prosjektet. Veldig mykje nyttig informasjon har vore presentert og kommentert, det er mest så ein kan undrast over om det er plass for meir.

For min del har det og vore eit spørsmål om det er rett i min alder å blanda meg inn i problemstillinga til dette prosjektet. På den andre sida kan eg stilla motspørsmålet: -er det rett å la det vera?

Årsaka til at eg har samla det meste av tilgjengeleg informasjon var ei tragisk dødsulukke i Etne i 2008, og også andre ulukker, som skuldast at vegstandarden ikkje står i forhold til trafikken, og spesielt gjennomsgangstrafikken. Min konklusjon både då og i ettertid er at gjennomgangstrafikken må gå utanom tettstadene. Eg meiner og sjølv at eg har ein viss bakgrunn for mine meiningar, eg har vore brukar av vegane i over 60 år, og har ein del tusen timar i setet på anleggsmaskinar, og har og som tidlegare kommunepolitikar delteke i industriplanlegging.

Planane om Ekspressvegen som er utarbeidd av ing. firma Sørli på Stord tek omsyn til desse to synspunkt eg meiner er viktige:
Legg vegen utanom tettstadene. Bygg den nye vegen uavhengig av eksisterande veg der det er mogeleg. Dette både av omsyn til tryggleik og kostnad, og slik eg tolkar planleggjarane i Vegvesenet tenkjer dei i same banar.

Alle prosjekt treng ei mogningstid. Etter at alle dei viktigaste fakta om Haukelidvegen no er komne på bordet, ser eg det som som eit teikn på at mogningstida nermar seg slutten, når regionvegsjef Olav Ellevset grip inn og vil utreda tunnelprosjektet Valldalen-Tyrvelid. Etter dei opplysningane eg har fått frå Johannes Sørli, vert det då snakk om to paralelle tunnelar, to felt i kvar retning. Det viser at han tenkjer framtidsretta. Vidare fekk eg opplyst at det ville verta ca 2 millionar kubikkmeter tunnelmasse til disposisjom for vidare vegbygging. Dette er med å fastsetja traseen. Dette vil verta ei utfordring for kommune- og fylkespolitikarane på begge sider av vannskillet.

Frå redaktør Ragnvald Christenson i Telemarksmagasinet, har eg fått opplyst at hovudargumentet til dei som arbeidde for å få gjennomsgangsvegen gjenom Åmot og Seljord var at vegen måtte gå der folket bur. Til det vil eg i så fall svara at den vegen dei treng alt er på plass og har vore det lenge. Slik eg ser det er all næringsutvikling tent med å sleppa gjennomgangstrafikk som om få år vil ha ei fartsgrense på minst 100 km/tim. Då får serviceverksemdene som satsar på gjennomgangstrafikken posisjonera seg å fohold til ekspressvegen, ikkje omvendt.

I midten av mars mnd. Var eg på eit møte i Etne der ingeniørane Thorkildsen og Alsaker frå Vegvesenet orienterte om den planlagde Stordalstunnelen. Eg må berre seia at eg vart positivt overraska. For det første var det jamn stigning frå Bakka yil Lauareid, og i tillegg gjekk vegen heilt klar av eksisterande veg.

Det er statistikkar over det meste når det gjeld vegtrafikk. Eg kjenner ikkje til om det finst nokon statistikk over kostnadsskilnaden på å rusta opp ein veg som er i bruk til europeisk standard, kontra dettte å byggja ny, men det kan vera frå hundre til fleire hundre prosent. Likevel sit eg att med same spørsmålet som ein representant frå Etne stilte under spørsmålsrunden etterpå. Var det ikkje pengar å spara og ei god utnytting av overskotsmassane å leggja dei ut og komprimera vidare nedover Nordheimslia mens dei var opplasta for transport? Jo, sjølvsagt var det det, men då måtte traseevalet og grunnspørsmålet vera løyst, noko det ikkje var.

I ein artikkel Hgsd. Avis 12. juli går det fram at ordførarane både i Etne og Vindafjord går inn for at framtidig trasee for E
134 vert lagd utanom tettstadene. Får håpa dei får med seg ordførarane i andre kommunar der det er strid om traseevalet.

Så til slutt litt om finansieringa. I den tida eg var med i heradstyret og blant dei som kom med framlegg til kjøp av areal til industri- og byggefelt, var standardspørsmålet frå heradskasseraren: -Kor vil de henta pengane frå? Me klarte i dei fleste tilfelle overtyda både han og andre tvilarar om at dette var ”utgfter til inntekts erhvervelse”, og då greidde han som regel å finna pengane som trongst. Det same uttrykket må kunna brukast om E 134, Ekspressvegen.

Med utgangspunkt i dei mest verdiskapande regionane i landet, meiner eg at den, som Lærdalstunnelen, vert finansiert direkte over samferdselsbudsjettet og utan bompengar!

Foto: hentet fra nettside






Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa