Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Kjerringgardens haustprogram
Av: Torunn Hetland 03.08.2009

Ein ny haust og nye kurs på Kjerringgarden på Dalsmyrane. Her kjem invitasjon til haustens kurstilbod.

September:

8.09: URTEKURS: Her får ein læra litt om nokre urter som er lette å
dyrka i eigen hage og gode som smakstilsetjing i diverse matrettar. Så blir det laga nokre rettar, og sjølvsagt så smakar ein på det som ein lagar. Påmelding til Ingrid Johannessen, tlf: 53769993, 97736530

Oktober:

5.10: HANDARBEIDSKAFE: Dette er eit nytt initiativ på Kjerringgarden. Her ynskjer ein å laga ein liten møteplass for alle som er interessert i ulike husflidstradisjonar; strikking, hekling, saum, broderi m.m. Dette er tenkt som ein uformell møteplass der du tek med deg handarbeidet ditt ein måndag i månaden. Så kan ein inspirera og læra av kvarandre og blåsa litt liv i gleda ved sjølvgjort handarbeid. Det blir servering av te/kaffi og noko å bita i. Du treng ikkje å melda deg på, det er berre å møta opp.

November:
2.11: HANDARBEIDSKAFE
30.11: HANDARBEIDSKAFE

MATKURS
I november er det planlagt to matkurs: Eit for dei som ynskjer å få
inspirasjon til å variera kvardagsmaten, og eit for dei som vil læra å laga god og spennande festmat. Desse kursa vil bli halde på laurdagar, og Kjerringgarden vil annonsera dette tilbodet meir utførleg om litt.

Meir om Kjerringgarden finn du her.

Foto: Marit Eikehaugen. Då Vats Bondekvinnelag vitja Kjerringgarden

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa