Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Legg turen til Vikestølen
Av: Jarle Sandsgård 14.02.2009

Det har nå blitt skrive fleire artiklar om kor fint det er innover til Vikestølen, og det er også etterlyst bilder.
Forrige søndag var eg innover og fekk teke nokre bilder med eit heller dårleg mobilkamera



Forrige søndag kom eg meg avgårde innover akkurat idet sola kom over fjella og gav mange flotte fotomotiv med snødekte furuer som blei lyst opp av sola. Dessverre hadde eg ikkje sørga for opplada batteri til fotoapparatet, så det blei dårleg med bilder.

Det har vore flott skiføre innover til Vikestølen før, dette bildet er teke i februar for fire år sidan:



Men med mobilen fekk eg nå i alle fall teke nokre bilder inne ved hytta. Bildet kunne ha vore teke på søndag.

Turen innover mot hytta var veldig flott i det fine véret, og inne ved hytta fyrte eg opp i ovnen, kokte meg kaffi og bar inn ved, og satt i solveggen med kaffi og kvikklunsj, og kunne nyte nesten total stillhet - lenge heilt aleine. Å kunne nyte freden heilt aleine er veldig fint, men eg unnar mange å oppleve Vikestølen slik!


Utsikt mot Vats fra hytta.


Hytta bada i vintersol


Skisporet vidare mot Vikebygd. Her trødde eg nedi til snøen rakk godt over kneet, med andre ord 50 - 60 cm


Trass i kaldt vér er det framleis rennande vatn til kaffien. Fredag ettermiddag var dette blitt til ein skikkelig isskulptur.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa