Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

4H + CARE = sant!
Av: Liv-Kari Bødtker 14.03.2001

Laurdag 17. mars blir dagen for Bjoa 4H si innsamling til hjelpeorganisasonen CARE. Medlemene vil vera i sving både på Buo og runt i bygda, for å samla inn pengar. Dei innsamla midlane skal gå til hjelpeprosjekt i Kenya, Niger og Tanzania.
4H-arar og andre kan også delta i konkurransar på nettstaden for CARE-innsamlinga.

Pleier du ta ein tur på Drøseståvo på laurdagen og kosa deg med litt fersk bakst og ein kaffi-kopp? Det kan du gjera med god samvittighet denne laurdagen også(17.mars), og då går alle inntektene av matsalet til bistandsorganisasjonen CARE. Norske 4H har inngått samarbeid med CARE om ein landsomfattande innsamlingsaksjon, og her i bygda er det sjølvsagt medlemene i Bjoa 4H som står for innsamlinga. Den vil skje både ved matsalet på drøseståvo (Tusen takk, Kåre! Det var eit flott bidrag fråd deg!) Der blir også tippekonkurranse med fin premie. Dei yngste medlemene kjem rundt med bøsser. Me veit ikkje om me når over alle husstandar, men skal gjera vårt beste.
Pengane går til hjelpeprosjekt i Kenya, Niger og Tanzania. Kvinner er prioriterte, fordi 80% av Afrikas bønder er kvinner, og opplæring i jordbruk er det viktigaste satsingsområdet. Reint vatn, kunnskap om skogbruk og organisasjonsopplæring er andre viktige område for CARE sitt arbeid i Afrika.
CARE er ein verdsomfattande hjelpeorganisasjon som starta i USA rett etter 2. verdskrig. Den gongen mottok også Noreg hjelp frå CARE.
Nå er det vår tur til å hjelpa, og laurdag har altså du sjansen til å gi ditt bidrag via Bjoa 4H.
Vil du vita meir om CARE, 4H og innsamlingsaksjonen:
Gå inn på http://n4h.care.no
Her har også alle medlemer i 4H høve til å vera med på spennande konkurransar. Alle 4H-arar som er med på innsamlingsaksjonen bør også registrera seg. Premiar ventar dei ivrigaste innsamlarane!
Andre kan støtta innsamlinga ved å delta i konkurransar på www.allevinner.no.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa