Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Dugnad på Vikestølen
Av: Jarle Sandsgård 04.03.2008

Sjølv om vérgudane ikkje viste fram det beste dei har å by på var ein gjeng samla til dugnad på Vikestølen på lørdag.
Inne blei det vaska og hengt opp nye røykvarslarar, ute blei nord- og vestveggen på hytta vaska, og det blei hogd, kløyvd og lødd opp nesten to mål ved.


Anne Lise Sandsgård og Mariann Samuelsen skurar bordflatene så dei blir reine og fine igjen. I tillegg til arbeidet inne var dei også med på vedhogsten ute.


Ingrid Steinsland var i sving inne, m.a. monterte ho nye røykvarslarar, og har her tatt seg ein matpause.


Dag Alne og Bjørn Johannessen inne til ein matbit. Dag hadde med seg traktor og vedmaskin og kappa og kløyvde ved, medan Bjørn vaska hytteveggene og hjalp til med å bere fram stokkar og lø ved.


Erlend Stinesen hadde sett artikkelen på Bjoanett og tok turen fra Bergen for å vere med på dugnad på Vikestølen. Arbeidsinnsats og innsatsvilje var det absolutt ingenting å seie på; han ville springe ned og bytte til tørre sko og komme opp igjen då det blei så vått og kaldt at han heldt på å fryse beina av seg.


Veden blei hogd like ovanfor hytta, Jarle felte tre medan dei andre drog dei fram til saga. For å utnytte maskinane og arbeidskrafta som var der den dagen blei det prioritert å hogge og kløyve, så kvistene ligg igjen. Så om nokon skulle få ånda over seg, så er me takksame om ein samlar saman kvistene i haugar.



Litt utpå ettermiddagen stod ein passe stor vedstabel på plass, det burde holde eit par år framover.


Både nordsida og vestsida av hytta blei vaska for å kunne malast til våren/sommaren. Men kledninga på nordsida er såpass dårleg at den må skiftast ut.




Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa