Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Planleggingsdagar og andre elevfrie dagar
Av: Anne Gunhilde Oma 26.02.2001

På Bjoa skule har me nettopp hatt nokre knallkjekke dagar i kulturveka. Det bobla av liv, elevane var fulle av forventning og foreldra tykte dette var kjekt å vera med på. Eg har høyrt mange positive kommentarar til dette opplegget. Men...så kan det bli litt "murring" når det blir snakk om avspasering.

Mange av oss foreldre jobbar i tide og utide, og sånne fridagar passar ikkje heilt inn. I løpet av skuleåret er det som kjent òg 5 planleggingsdagar, der SFO og alt er stengt.
Kjære foreldre; kvifor gå kvar for oss å "plagast". Kan me ikkje slå oss i hop slike dagar og passa ungar for kvarandre? Er det ledige lokaler på skulen så får me sikkert bruka desse. Eit alternativ kan vera helsehuset.
Nokre foreldre har meir fri enn andre. Nokre kan ta seg fri av og til, medan andre igjen er det vanskelegare for. Sjølv må eg ta fri frå jobb kvar gong SFO/skule/barnehage er stengt. Det er det heilt sikkert andre som må gjera òg. Hadde me visst om kvarandre, så kunne me delt på det. Det er ikkje så kjekt å bruka opp dyrebare feriedagar/innarbeidingsdagar på slikt.

Kanskje hadde det vore ein idè at FAU sende ut spørjeskjema der foreldra kunne skrive på om/når dei treng "barnepass" og om/når dei kan delta sjølv.
Alt etter kva me kan og vil sjølv kan me kjøra ulike opplegg slike dagar; speling, forskjellige aktivitetar, div. kurs, utflukter, fjelltur, idrettsdag etc. Det er berre fantasien som set grenser.

Dette er berre tankar som eg "slengjer" ut. Kanskje sit det andre der ute som har andre tankar og idèar. Eg vil gjerne høyre kva andre meinar. Oppfordrar herved til vidare diskusjon under "Som ein ropar i skogen"

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa