Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Ribes-elevar på Bjoanett
Av: Jarle Sandsgård 24.02.2001

Tysdag denne veka fekk eg vere engelsklærar for ungdomsskuleelevane her i Ribes. Nå ønskjer elevane å komme i kontakt med folk i Norge for å øve seg i å bruke engelsk og for å lære om Norge.



Praten gjekk for det meste om Norge, og målet var å gje ungdommane trening i å bruke engelsk. Dei har ikkje hatt like mykje engelskundervisning som elevar på deira eigen alder der heime, men dei er villige til å lære og fleire går difor på engelskkurs på fritida.

Ungdommane er ein skikkeleg triveleg gjeng, og då dei først våga å snakke engelsk blei det liv og røre, særleg etter at dei blei invitert til å leggje ein liten presentasjon av seg sjølv ut på Bjoanett. Dei håpar på å komme i kontakt med folk der heime. Folk som ønskjer å vite meir om Ribes de Freser og Spania, og samstundes friske opp engelsken, kan enten ta kontakt med dei direkte eller bruke diskusjonsforumet “Vall de Ribes”.

Presentasjonane finn du ved å klikke her eller på menyen til venstre. Ikkje alle elevane er ført opp med epost-adresser, men dette kjem etterkvart.



Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa