Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Skal me møtast?
Av: Jarle Sandsgård 22.02.2001

Dei siste dagane har det skjedd mykje her i Ribes, og eg har funne ut at ting ikkje alltid er slik ein trur i byrjinga...




Kva har eg gjort nå?
Rett før lunsj i dag kom beskjeden: Politiet var på veg for å hente meg. “Ja, ja” tenkte eg, “her er nok ei lita misforståing ute og går”. Eg fekk ikkje lurt så mykje på det før gliset til Laia fortalde meg at det ikkje var så alvorleg som det høyrdest ut til. Borgarmeisteren inviterte på lunsj, og då må ein jo ha transport. Lunsjen fann stad på hotellet eg bur på, men så lenge det var borgarmeisteren som inviterte kunne eg jo ikkje gå.

Kanskje det var borgarmeister ein skulle vore?
Sjølv om eg fekk fin behandling av bestyrerinna på hotellet, kunne det ikkje måle seg med den behandlinga borgarmeisteren fekk. Makan til service og smisking har eg aldri sett. Me var berre tre personar til lunsj - borgarmeisteren, tolken og eg – men me hadde til tider kvar vår kelnar.
Lunsjen gjekk for det meste med til å diskutere eventuelt samarbeid, men og til å snakke om laust og fast, m.a. er borgarmeistern svært oppteken av at eg har det bra så lenge eg er her.

Våren er her!
Mandag var eg avgarde på til Girona, og blei overraska over kor mykje høgdeforskjellen har å seie på temperaturen her. I Ribes de Freser var det ei grad under frysepunktet klokka ni om morgonen. I Girona hadde dei allereie byrja å slå gras enkelte stader, og temperaturen var over 20 grader. Dette er rett nok ikkje normalt for området, blir eg fortald.

”Skal me møtast?”
I går kveld var det internett-kurs for dei eldre, og aldri har eg sett så mange damer rundt dei 60 le seg skakke. Fleire gonger lo dei så dei rista og tårene trilla.
Det var første gong dei “chatta”, og kva er vel då meir naturleg enn å gje seg ut for å vere tredjedelen så gammal og finne seg nokre unge håpefulle å drive til vanvidd? Det toppa seg då det viste seg at ein av ungdommane flørta vilt med 3-4 av dei samtidig...


Jarle Sandsgård, Ribes de Freser

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa