Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Hola!
Av: Jarle Sandsgård 21.02.2001

Joda, det er liv i meg. Tida går med til mange ting, så daglege reisebrev har det blitt smått med, men her kjem litt til...

Bilde av borgarmeisteren blei etterlyst, her kjem det.

Borgarmeister Pere Vigo i Sallent til venstre, Laia Deler i Trull (arbeider her på senteret) til høgre.


Me pones un café solo
I dag kunne eg for første gong fortelje med ord kva eg ville ha til lunsj. Takk til Heidi og Siri for lånet av Spansk-Norsk ordboka! Boka er blitt fast følgje når eg skal nokon stad nå, og ho kjem godt med.
Å bestille kaffi og den slags har eg kunna heilt sidan første spansk-time i baren på fredag, men eg har eigentleg ikkje hatt bruk for det før i dag. Vanlegvis spør folk meg om eg vil ha kaffi eller andre drikkevarer, og då er det som regel nok å nikke eller svare “si”, eller ein sjeldan gong “no”. At eg i dag sa fram ei heil setning berre for å få ein kopp kaffi var nok til at Nuria, kona til eigaren, lyste opp og kom med ei heil lekse på fleire ti-tals setningar. Kva ho sa har eg ikkje peiling på, ikkje veit eg om det var spansk eller katalonsk heller.
For dei som måtte vere bekymra for mine hyppige bar-besøk, kan eg fortelje at ein bar her er nærmast for ein kafe å rekne. Ein kafe med alle rettigheter.

Kjendis...
Sjølv om folk her er vane med turistar, det er over eit dusin hotell her, er mitt besøk noko alle kjenner til, tilmed i nabobygdene. Mange stader får eg ekstra god behandling, det blir helst i meste laget enkelte gonger. På hotellet, for eksempel. Dei første dagane tok bestyrerinna sjølv jobben med å servere meg, sjølv om det kryr av kelnarar. Borgarmeisteren har eg vel fortald om før, han er innom for å “slå av ein prat” støtt og stadig. Han skjønar ikkje eit ord engelsk, så me er avhengige av ein eller annan tolk.
Søndag var eg i nabodalen, og på skisenteret der fekk eg låne ski-utstyr gratis, “det skulle då berre mangle om eg ikkje skulle få det”. Uansett kor eg går virkar det som om folk veit kven eg er, og at stambaren er L’Arcarda. Bygdesladderen fungerer her nede og....

...eller bygdesladder?
At folk her nede har ein måte å få spreidd bodskap på som får Internett til å verke som ei sinke, fekk eg demonstrert mandag kveld. I løpet av kvelden blei det gjort avtale om at eg skulle undervise ungdomsskuleelevane dagen etter, og det skulle vere ei overrasking. Kva klokka var veit eg ikkje, men det må ha vore rett før eg slutta av arbeidet og gjekk i baren i ni-tida. Då eg gjekk derifrå ein time seinare, kom ei av mødrene springande etter meg og fekk med tegnspråk og spansk spurd om eg ville vere grei og komme inn igjen nokre få minuttar. Der hadde ein gjeng foreldre alliert seg med servitøren frå nabo-restauranten, den einaste som kunne nokre få ord engelsk. Igjen kom ordboka til stor nytte, for så mange ord kan ein vel ikkje seie at han forstod. Hadde eg kunna fransk hadde saken vore ei heilt anna, for det er det fleire her nede som kan.
Men tilbake til foreldra. Dei ville vite kva det var eg skulle snakke med elevane om. Ei stund lurte eg på om dei hadde noko mot det, men dei rista på hovudet og svara “no problem”. Dei var berre nyskjerrige...


What about Haakon and his girlfriend?
I går underviste eg som nevnt ungdomsskule-elevane i engelsk. Noko undervisning var det vel ikkje akkurat, det var meir snakk om at dei fekk øve seg i å bruke engelsk. Naturleg nok hadde dei ein god del spørsmål om Norge, og eg svara som best eg kunne. Nokon rein engelsk-time blei det på ingen måte, mange fag måtte til for å kunne svare på spørsmåla deira. Dei tre-fire timane me brukte på dette blei alt for lite, men nå er det i allefall nokon-og-tjue spanjolar som veit litt meir om kva med driv med der heime. Nå held dei på med å skrive om seg sjølv på engelsk, og så snart dette er klart legg eg det ut på Bjoanett. Eg har allereie laga til eit diskusjonsforum der folk heime kan snakke med folk her nede.


Energisparing
Ein ting som har overraska meg her ned er deira bruk av energisparande innretningar. Det første eg oppdaga i så måte var at lyset på hotellet er styrt av bevegelses-sensorar. Eg må rett nok springe, eller i minste gå fort, ut av rommet for at lyset skal slå seg på, men det virkar. Etterkvart har eg sett slike innretningar fleire stader, og eg har ein mistanke om at lyset her på telesenteret slår seg av etter ei gitt tid. Eg har ikkje vore aleine lenge nok til å forske på det, men i morgon skal dei fleste vekk...

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa