Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Framtid for økologisk landbruk ?
Av: Elin Arianson 18.02.2001

Interessa for såkalla "rein mat" synest i nokre samanhenger å vera aukande. Likevel står utdanningsplassar for dei som kan tenkja seg å driva økologisk landbruk i fare.

I Bergens Tidene sin fredagsutgåve (16.02.01) kunne vi lesa om varsling av sterk reduksjon i driftsløyvingane til Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland. Skulen har landsline for økologisk landbruk og er den einaste reine økologiske landbruksskulen i landet.
Skulen har 52 elevplassar men har inneverande skuleår berre 31 elevar. Med eit totalbudsjett på 8 mill. kronar er ein varsla reduksjon på 1,2 mill. eit stort kutt.

Det er vanskeleg å skjøna at det kan vera rett å redusera drifta av ein skule som utdannar arbeidsfolk til eit landbruk som vi i mange samanhenger høyrer treng ei sunnare og meir økologisk drift. Det må vel vera viktig å marknadsføre eit utdanningstilbod som vil kunne bidra til å rekruttera fleire til eit økologisk landbruk?
Eller er det berre kvar gong vi ser ei hovudoverskrift om kugalskap og ubalanse i landbruket at slike tankar er aktuelle ?


Ein skule skal sjølvsagt sjå samanheng mellom kor mange elevar dei faktisk gir eit tilbod til og kva økonomiske midlar dei får til disposisjon. Så lenge det er midlar frå felleskassa ( offentlege midlar) som vert nytta er det rett og riktig å sjå kritisk på bruken av desse. Men det er noko med kva som i det lange løp vil tena storsamfunnet og den einskilde landbrukseining....

Kan hende treng Sogn jord- og hagebruksskule hjelp til marknadsføring av dei tilboda som skulen kan gi. Korleis når informasjonen ut - både til dei som kan vera potensielle elevar og til ålmenta ? Kan hende er er det bruk for meir fokus på økologisk landbruk. Eller er det ikkje så farleg om dette skuletilbodet i første omgang reduserast og etter kvart tørkar ut ?

Ut frå den informasjonen som kjem fram i Bergens Tidende synest det som om det er rekruttering av fleire elevar som skal til for at skulen skal få halde fram i same omfang som før. Det kan difor vera på sin plass å oppmoda ungdom som tenkjer seg ei utdannning innan jordbruk/hagebruk å undersøka kva tilbod skulen i Aurland kan gi.



Les artikkelen i : Bergens Tidende

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa