Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Ope brev til HSD
Av: Torbjørn Hamre 16.02.2001

På sist bygdekafe leste Liv Hanssen opp sitt brev til HSD....

Bjoa, 1. februar 2001

Ope brev til HSD

Her på Bjoa har me tatt opp igjen ein utgløymd fritidsaktivitet, nemleg brevskriving.

Denne gongen gjeld det rutetilboda, eller rettare: mangelen på slikt. Jo då, visst reiser me kollektivt! Sjølv om
bussavgangane alt lenge har gjort det fornuftigare å bruke eigen bil.

Men så blir me ledre etter kvart, og det eine med det andre, og her finst endåtil folk som ingen bil har!

At med skulle missa ferje her på Bjkoa, prøvde me å instilla oss på, endå det syntest tuenkjeleg.

Men i ruteheftet frå nyåret er faktisk Bjoa etter gammalt blitt stoppestad for hurtigbåten (når det var passasjerar hit). Berre at billetørane
kjenner ikkje til dette, så her må passasjerane fortelja at slik er det. Tenk om Bjoa hadde blitt normal stoppestad igjen,
så me kunne koma oss til og frå Bregen/Stord, slik me alltid har gjort, i alle dei år HSD har eksistert.

ein båt til dagen, berre, i kvar retning?

Me har hatt ein kald vinter i år, så kald at Ølenspollen ei tid var islagd og båten gjekk frå Bjoa, med transport av passasjerar hit.
(Slik burde det normalt vore, eigentleg.) Ein stor drosje med tydeleg skilt BJOA stod ventande på kaien i Ølen. Glad sprang ei
Bjoa-dame bort til den då hun skulle heim: "Å, ska du te Bjoa?" - "Ska du med båten?", spør sjåføren. Nei, ho skulle berre
heim, og fekk ikkje følgja. Drosjen drog utover med 1 - ein - passasjer. Ingen stopp undervegs!

Og dette er same selskapet!

Men ikkje alle skal reisa frå A til Å, kva med dei som står ventande langs vegen?

Bussar og bussruter, det er jo ganske fortvilande. I ruta står: "buss frå Haugesund 16.20, Innbjoa 17.50, Ølen 18.10.

Dama vår står på vegen med hendene fulle og skal til Ølen, ventar og ventar på denne bussen, så kjem ein privatbil, stansar,
og sjåføren spør: "Ska du til Ølen?" Jo, ho skulle det. -Nei, det var ingen passasjerar innetter på båten, så bussen kjørte utover igjen.
(Privatbilen tok dama med.)

Me forventar ikkje at alle bussar og båtar skal gi i det øyeblikket det passar oss, men slik som dette er det heilt uholdbart
å ha det. Me krev eit betra tilbod!

Ein annan ting er venterom / bussskur i Ølen: Kor skal reisande gjera av seg når dei kjem dit før butikkar etc. opnar?

Ikkje ein gong eit do er der. Om ikkje det var så rart, det som stod på kaien før, så var det no for dei som var nøydde.

Skal kjerringane sitje rev i rev på kaikanten no, eller - ?



Liv Hanssen


Edith Tveit, Rith Vølstad, Agnes Sandsgård, Hedvig Hetland, Anna Hetland, Alf Magne Gundersen, Lillian Sørensen,
Judith Gundersen, Hilde Pedersen, Hilde Gundersen, Vibecke Gundersen

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa