Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Nyåpning av Buo Landhandel .
Av: Mariann Hettervik 01.02.2001

Torsdag 1.2.01 vart ein stor dag for Bjoabuen; me har fått ein ”ny” gild butikk på kaien. Frå tidleg morgon strøymde det på med folk som ville handla, sjå, gratulera og kosa seg med kaffi & kaker og ein drøs med sambygdingar.

Ifylgje Kåre Nymark har det vore minst 200 menneskje innom butikken i dag og han var strålande imponert over oppslutninga og vonar den vil halda fram.
Det har i vekene som har gått vore hektisk aktivitet for å klargjera alt til opningsdagen, det har blitt lange kveldar og enkelte kunne nok hatt soveposen sin der nede …Mykje flott dugnadsarbeid har også vorte utført og
resultatet er eit lyst, luftig og svært oversiktleg butikklokale,- så absolutt ein nærbutikk til å trivast i.
I samband med opninga i dag tidleg vart Kåre gratulert og overrekt ei veggklokke frå Bjoa Bygdeutviklingslag med takk for tru på bygda og med allle gode ynskje.
Ordførar og rådmann var også innom med gratulasjonsblomar og det har elles strøymd på med flotte oppsatsar og bukettar frå kunder,leverandørar og
andre.
Underteikna var nede på Buo ca kl ½ 11 og då yra det av glade fjes. Noko startproblem skal ein ha og her var det kassasystemet som ikkje fungerte heilt som det skulle. Resultatet vart nokså lang kø i periodar; men dette er eit luksusproblem og sjølv så koste eg meg kvart eit minutt av den halve timen eg sto og venta for å betala varene mine. Alt eg hadde handla vart raskt pakka i posar av ekspeditt betjening og etterpå kunne eg rusla inn på Drøsestova som også har ”blitt ny”. Lyst, triveleg og med panoramautsikt over sjøen (tenk når sommaren kjem og turistane yrer på kai og i båt,- då får me mykje ”løye ” å sjå på og snakka om….) Brus ,kaffi og herlege kaker vart påspandert butikkkundane og me kunne slå av ein prat med kjende eller surfe på internett. Ja, du leste rett: Bjoa har fått internettkafé! Her står ein PC fast stasjonert med fri tilgong til internett for alle og einkvar.
Så kan du chatte, surfe, sjekke mailen din og sjølvsagt gå inn på BJOANETT
og lesa siste nytt eller koma med innspel sjølv. SPINDELVEVEN sponsar det heile,- TAKK frå oss alle. Slike flotte lokale kan jo nyttast til litt av kvart så det vert spanande å sjå kva som skjer.
Så nå kjære bjoabu,- me har fått butikk igjen og det er opp til oss ALLE å halda liv i den ,- og det skjer kun ved aktivt bruk.

TAKK TIL KÅRE OG LYKKE TIL !!!

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa