Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Problemene ved Bjoa Vassverk
Av: Sigmund Tveit 01.02.2001

Lesarinnlegg av Sigmund Tveit:

Etter diverse medieoppslag i det siste finn eg det på sin plass å yta eit visst bidrag til løysing av problemene. Ved nærare ettertanke er eg vel ein av dei som veit mest om dei tekniske løysingane i og omkring Bjoavatnet og korleis dei verkar.

Som deltakar i det første interimstyret var eg med på å ta dei fleste vassprøvane og var med på alle synfaringar. Seinare var eg i det ordinære styret og var kontaktmann mellom ing. Sørli og vassverket i planleggingsfasen, og dessutan var eg kontaktmann mellom dei fleste grunneigarar til Bjoavatnet og adv. Tor N. Rekve i forhandlingar om klausulerings-bestemmelsane i vatnet og i nedslagsfeltet.

Før eg går vidare kan det vera av interesse å nemna eit par andre løysingar for vassverket som var på tale på interimstadiet. Det eine var å leggja ein inntaksdam ved utløpet av Vasslibekken med ein filtreringsdemning ut mot vatnet og slik spara kostnad med reinseanlegg. Den andre var å føra vassleidningen til eit inntaksbasseng aust for Eikås. Fylkesingeniør Sigmund Larsen var med på ei synfaring på dette siste. Han uttala då at utan å ta ein einaste prøve, kunne han seia at dette var førsteklasses drikkevatn. Eg meiner framleis at dette hadde vore den beste løysinga for då kunne også Dalsbruket og Dalen knyttast til anlegget.

Men så attende til den aktuelle saka.

Det har undra meg at då me tok vassprøvane i oppstartingsfasen viste dei førsteklasses kvalitet, og dette på trass av det var beiting av dyr og ingen restriksjonar korkje på arbeids- eller fritidsaktivitetar, mens prøvane no viser ujamn og til dels dårleg kvalitet.
Likevel – for å forlengja skrytelista litt – hadde eg tidleg på 60-talet fått grove ein avskjerande kanal over eigedomen langs Bjoavatnet med tanke på nydyrking. Botnen av kanalen ligg vel ein stad mellom 1 og1,5 m under normal vannstand og har hindra og hindrar framleis at drens og overflatevatn renn ut i vatnet.
Dette anlegget fungerte godt og vart i planleggingsfasen forutan b.nr 28 (min eigedom) utvida til og å gjelda br.nr 27 og 26 (Kåre Sørensen). Grunnen var å hindra utløysing av erstatningskrav ved å leggja restriksjonar på bruk av eigedomane. Ei tilsvarande løysing vart og utarbeidd for b.nr 32 og 35 og for b.nr 2 (Johs. Nygård og Lars Austli). I utskrift frå Helserådsprotokollen datert 1. februar 1977 går det fram at helserådet hadde ein viss skepsis til denne løysinga, då særleg med tanke på framtidig vedlikehald. Dette vart då ordna slik at i avtalen som vart underskriven av adv. Rekve for grunneigarane og Johs. Sørensen for Bjoa Vassverk datert 8. august 1977, at vassverket betalar ei eingongsgodtgjering til meg og overtar vedlikehaldet av kanalanlegget så lenge Bjoavatnet vert nytta til vassverk.

Etter at eg nyleg vart kjend med bakterieproblemet i Bjoavatnet og etter å ha snakka med driftsstyrar Heggebø, fått greie på vassprøvane og variasjonane i desse vart min mistanke retta mot deler av det avskjerande kanalsystemet. Dette viste seg å halda stikk. Heggebø og eg gjekk saman og såg på den delen som var under mistanke, og me fann feilen. Den er på andre bruksnummer enn dei som er nemnt her tidlegare, og den er forholdsvis lett å utbetra. Det er berre så synd feilen ikkje blei oppdaga før.

Eg synest og det er vondt at usikkerheten omkring årsakene skal gå ut over uskuldige. Eg tenkjer då på rektor og elevar ved Bjoa Skule. Som nemnt var eg grunneigarane sin kontaktmann i klausuleringsforhandlingane. I dei saksdokumenta eg har og som eg har vidaresendt kopi av til dei andre, finn eg ingenting som tilseier nokon form for reaksjon ovanfor skulen.

Til slutt vil eg føya til at eg har full forståing for at dei som har stilt opp som tillitsvalde i Bjoa Vassverk i over 25 år har prioritert det som vedkjem den daglige drifta. Likeeins at dei som no har overteke kanskje ikkje har fått tid til å setja seg inn i alle detaljer. Avtalen datert den 8.8.77 vart forhandla fram på frivillig basis og har trass alt fungert godt i tida som har gått, og eg ser ingen grunn til at den ikkje skal gjera det i framtida og.

Bjoa den 29. jan. 2001

Med helsing
Sigmund Tveit

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa