Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Ole Olsen Hauge og hustrus legat
Av: Ernst Arne Sælevik 27.12.2006

Studerer ein lysingssidene i lokalavisene kan ein koma over mykje forvitneleg. Mellom anna slike lysingar som omhandlar utdeling av legatsmidlar. Eit legat er ei testamentarisk gåve eller ei stifting som skal handhevast av eit styre.

Eit slikt legat som me skal sjå nærare på opphavet til, er Ole Olsen Hauge og hustrus legat. Her heiter det:

”Legatsmidlar kan søkjast av personar, huslydar og ungdom under utdanning. (Etter vidaregåande skule). Ved utdelinga vil ein gi prioritet til dei med vanskeleg økonomi. Dei må vere busette i bygda Haugsgjerde eller Ølen sokn. Søknaden skal sendast til soknepresten i Ølen.”

No er det slik at det var son til Ole Olsen og Serina Hauge, Nils Olsen Hauge som oppretta legatet.

Ole som kom frå Nordhus på Borgundøy og kona Serina budde lenge i Kjellasvik i Ølen. Her vart sonen Nils fødd i 1886. Så kjøpte dei bruk nr. 1 gardsnr. 116 Øvre Hauge i 1898 og vart buande på Haugsgjerdet.





Nils Olsen Hauge hadde ungdomsåra sine på Haugsgjerdet. Han gjekk lærarskulen i Kristiansand og underviste som ugift lærar i Bergen medan han budde ved Torvalmenningen.

Om kvelden den 30. desember 1953 fall Nils død om idet han skulle gå på trikken i Bergen. Ingen kjende han der og då. Ikkje fann dei noko legitimasjon på han heller. Det einaste var eit julekort send frå Sauda med ”helsing Mons”.

Så kunne ein byrja nysta opp. For Mons var bror hans som ei tid hadde drive butikk på Haugsgjerdet og sidan flytte til Sauda.
Omsider fekk familien melding om dødsfallet i Bergen.

Syskena til Nils, deriblant broren Kristian som dreiv heimegarden på Hauge, var ganske sikre på at Nils sin siste vilje var å verta gravlagt på Bjoa. Heimekjær som han var. Og slik vart det. Men tre små hendingar i samband med gravferda kunne tyda på noko anna.
Då dei kom køyrande med kista ned til hamna i Bergen var lokalrutebåten alt lagt frå kai.

Komen vel fram til Bjoa hadde veret ruska seg so til at båten hadde vanskar med å leggja til ved Innbjoakaien. Det tok si tid.
Den tredje hendinga var på gravferdsdagen ved Bjoa Kyrkje. Det var so kaldt at grava var frosen til av snø og is og var vorten for trong til å få kista ned i so med ein gong.

Etter gravferda skulle dei så ordna opp i buet etter Nils i Bergen. Eit nyklaknippe han hadde fann dei ut av etter tur. Til sist hang det att ein liten nykkel som ingen kunne tenkja seg kvar høyrde heime. Men så var det einkvan som nemde på at det skulle vel aldri vera ein bankboksnykkel? Jo, soleis var det.

Testamentet

Nils var ein nøysame mann og hadde lagt seg opp litt pengar med åra. Arvingane vona på betre tider. Nokon tenkte høgt om nye løer og anna. I bankboksen låg eindel aksjar m.a. i skip, bryggeri og andre verdipapir. Samt eit testamente. Nils hadde ikkje fortald nokon at han hadde oppretta testamente.

Under opninga av testamentet var nesten alle arvingane tilstades. Men ingen ting vart som tenkt. Der stod det svart på kvitt at etter sin død ville Nils kremerast og urna skulle nedsetjast i Bergen. Alle pengar og alt av verdi skulle testamenterast bort, samt at det skulle opprettast eit legat på kr. 100.000,-. Namnet på legatet skulle vera Ole Olsen Hauge og Hustrus Legat.

Legatet er stifta ved testamente av 22. juni 1948. Legatsummen var då på kr. 48.000,-. Pengane skulle ifølgje statuttane stå urørde til legatet nådde kr. 100.000,-.

I 1973 vart denne summen nådd og frå då av er det vorte delt ut midlar frå rentene av legatet.

Statuttane vart endra noko då og godkjent av sosialministeren i 1973.
Legatsområdet omfemnar Ølen kyrkjesokn slik det var i 1909. Haugsgjerdet er her med, men ikkje Nervik skulekrins. Fjelberg kyrkjesokn er med, men Bjoa og Eid sokn og Valen krins kjem ikkje innunder legatet. Fordelingsnøkkelen av utdeling er 70 % til Ølen og 30 % til Fjelberg.

Midlar kan delast ut til dei som har sjukdom eller andre vanskar og kjem utanom offentleg støtte. Ungdom under utdanning kan også få, og julegåve til personar og huslydar som er i vanskar.

For Ølen så er det no sokneprest, ordførar, helsesøster som er styre. Men fordelinga av midlane tek sosialkontoret saman med ein representant for diakoninemda i Ølen sokneråd seg av.

Eigenkapitalen har vakse godt. Mot slutten av 1980 åra gav verdipapir god avkastning. Rentene har og vakse. Såleis var Ølen sin del (70%) til utdeling kr 78300,- eit av dei siste åra.
Mesteparten av rentene har vorte gjeve som julegåve til dei som har det vanskeleg.

Legatstyret har også ansvaret for å halda vedlike grava til legatsopprettaren Nils Olsen Hauge (1886 – 1953) ved Bjoa Kyrkje.

Kjelder: Lokalaviser.
Soknepresten i Ølen.
Slekt.

Innledningsfoto: Ole Olsen Hauge (1844-1909) og hustru Anna Serina Ommundsdotter. Øvre Hauge (1848-1932). Dette er foreldra til Nils, dei som fekk namnet sitt knytt til legatet.

Artikkelen er hentet fra årets "Segn og Soge" (26. årgang)


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa