Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Ei sjukehistorie
Av: Valgjerd Steinsland 27.12.2006

Eg kjem frå garden Haugsbø vestanfor Ålfjorden, tvers over for Gardavikjo på Utbjoa, og eg voks opp som den eldste av fem sysken.

I min barndom var der verken veg, telefon eller straum, slik det gjerne var i dei tider. Men det var ein makelaus plass å veksa opp, i alle fall så lenge ein fekk vera frisk! I 1943 kom eg til Steinsland. Men no skal eg fortelja korleis det var å vera sjuk, for det fekk eg òg prøva! I dag vil me mest ikkje tru det.

Då eg var på tolvte året, i mars 1934, fekk eg noko som heiter rosenknutar, som var svære ømme kular oppover armar og føter. Å sjå til likna dei mest på slike skjel som veks på berga.

Eg hadde gått over fjellet til Valevåg og besøkt bestemor, og ho spurde om eg og ei til ville gå til butikken og handla for henne, noko me gjorde. Men på tilbakevegen kjende eg at eg ikkje var frisk og sikkert hadde feber. Men heim att over fjellet kom eg meg, og fekk leggja meg. Neste dag var desse kulane utbrotne. Eg hadde feber og heldt senga, og etter ei veke var eg litt lettare.

Søster mi på åtte år brulta på borti senga saman med brørne, og då sa ho: ”Må ’kje komma borti kudlane mine!” Då kvakk mor, og såg etter. Jo, der hadde ho òg fått same sort kular, men berre små. Neste dag for far av etter dokteren, gamle dokter Kristensen, som budde i Førde. Far rodde til Bårvåg og gjekk til Førde derifrå, og dokteren kom. Dei bilte til Bårvåg og tok motorbåt nordover derfrå. Dokteren kom, og stilte diagnosen. Me var blitt smitta av tuberkulose. Dette var kroppen sin reaksjon, at han på ein måte hadde vunne over smitten. Sjølvsagt var me positive vortne, og var berre glade at det hadde slege ut. Eg var hardt angripen.

Søster mi kom seg fort, og eg besna, eg òg. Men 26. mai (hugsar godt datoen!) hadde mor vaska klede i ein stamp på kjøkenet. Då ho var ferdig, bad ho meg ta i stampen med henne og bera han ut. Men der sette det til med ein forferdeleg slyng i lunga, så eg sette i og oia meg. Tenkte det var ei ”hald” slik ein av og til får, men dette gav seg ikkje. Kvar morgon då eg stod opp, bar det til med hosteturar, verre og verre, og mor ville henta dokteren på nytt. Men far meinte det gjekk vel over. Men eg hadde slik sting i lunga når eg hosta at eg krympa meg og grein, så dei forstod at dette ikkje var nokon forkjølingshoste.

Så den 19. juni skulle me ta ut til dokter: Me rodde til Bårvåg, gjekk opp til vatnet og rodde over, og så til fots opp ei bratt brekke, men då bles eg som ein kval! Dokter Kristensen lytta, og jo, eg hadde hatt brysthinnebetennelse, ein ettersjukdom etter rosenknutane. Vatn i lunga var der blitt rikeleg av. Å gå heim kom ikkje på tale. Me skulle ha bil heilt til Bårvåg, der me gjekk om bord i båten att. Men eg laut no gå frå båten og opp til huset heime.
Mor fekk beskjed om å setja senga mi framfor glaset i stova så eg kunne følgja med, det var viktig at eg ikkje låg og vantrivdest.

Feberen skulle målast og noterast kveld og morgon, og når eg hadde vore feberfri ei veke, kunne eg stå opp. Varme omslag med sjøvatn, 40 grader varmt, vart beordra kveld og morgon. Ofte følte eg det måtte vera både 50 og 60 grader! Salt mat skulle eg ikkje ha, berre usalta fisk. Det var reine medisinen, visst. Men eg tenkte då eg fekk denne stusslege menyen: ”Heldigvis at far ikkje er nokon fiskar!” Men me hadde ein nabo med trollgarn, og han kom kvarenda dag med gandarota, raudnebb og blåskål, og eta måtte eg!

Etter kvart gjekk feberen ned noko, men støtt når eg såg dei andre godna seg med kjøtkaker, ertersuppe og slikt, så steig feberen om kvelden, så eg måtte berre liggja og liggja. Og ein dag dei andre åt blodkomla, steig feberen til nye høgder.

Etter ein bitande austavind fekk eg slyng i den andre lunga òg, og dokter blei henta. Han studerte feberkurven min og begreip ikkje korleis det hadde seg, med denne temperaturen som gjekk slik i toppar. ”Jo”, sa far, ”det er kvar gong me et god middag og ho berre må eta usalta fisk!”

Vel, eg fekk likevel liggja til eg var feberfri. Mor stelte for meg det likaste ho kunne. Der hadde eg lege i feber heile sommaren, utan å få vera ute. Mor sette stolar i rekkje under ein stor ask, la teppe over og bar meg ut i sola. Lett var det nok ikkje, men eg skulle ikkje gå på føtene.

Ein dag sa far til meg at er du feberfri laurdagskvelden, skal du få stå opp om søndagen. MEN! Natta til laurdagen fauk det opp med nordaust storm. Om våren hadde eg planta fine, raude georginer attmed ein stein, og eg hadde gledt meg slik over desse blomane som voks og no skulle til å bløma. Men stormen tok dei og brekte dei ned. Eg sørgde og grein slik over desse stakkars georginene, og dermed steig feberen igjen. Men så sa far: ”No skal me gjera ein prøve, du skal få stå opp om søndagen likevel!” Den dagen gløymer eg ikkje. Opp av senga kom eg. Ja, eg følte meg frisk som ein fisk og hadde sikkert vore det lenge. Kjolen kom på, men rakk ikkje langt ned til knes. Eg hadde vakse 8 cm. medan eg var dårleg.

Frisk vart eg, og åtvaringane fekk eg frå alle eg snaka med: Ikkje bli kald, ikkje bli våt, du må passa deg! Men det kan eg seia om dei fem somrane eg var på geiteseter: eg fekk visst bli både kald og våt utan at det nauda det spor! Seinare har alle dokterar som lytta på meg kome med bemerkningar om sjukdomen, så spor har han nok sett.
Men tenk på den behandlinga! Det er til å bli sjuk av, berre kosten, veit du!

Hentet fra årets nummer av Segn og Soge. Liv Hanssen har skrevet etter Valgjerds fortelling.

Foto: Marit Eikehaugen. Fra Bjoanetts arkiv finner vi Valgjerd sammen med barnebarnet som også heter Valgjerd (tv) og og hennes barn


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa