Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Min Julehilsen 2006 - nr. 8
Av: Gunnar Dalen 24.12.2006

Det kan kanskje vera grunn til å minna om korleis det såg ut utanfor stovedøra på Dalen jula 2004. Difor kommer julekortet her ovanfrå Dalen med snø på.

Jula mi er ei blanding av julemusikk og helgefred, god mat og innekos, men så er det desse kyrne då, veit du, som skal ha sitt også på raude dagar. Så det er nok ingen bombe at jula blir feira på Dalen i år også.

Kva eg ser mest fram til? Høgdepunktet i jula er nok sjølve julekvelden med dei kjæraste samla rundt bordet, med røykt pinnakjøt og kålrabistappa, og moltekrem til dessert. Og når me kan høyra på nytt den vakre historien om Barnet som vart fødd, og etterpå dela gåver med kvarandre. Til saman blir det ei storarta blanding av høgdepunkt. Stabelen av gode juleminne er stor, så eg syns det er vanskeleg å trekkja fram eit enkelt juleminne.

Når det gjeld jule/nyttårsønskje så slår det meg at altfor mange ikkje er klår over, og heller ikkje kan gle seg over kor godt me har det her til lands. Så eg ønskjer at folk nå i juletida vil erkjenna at me har det veldig bra, og at denne erkjenninga smittar over på våre veremåtar både i nærmiljøet og i den store politikken.





Sjølv om me snakkast kvar dag, har eg lyst til å senda julehelsinga på Bjoanett til mi kjære Jorunn! Eg gler meg til ei fredeleg helg saman med deg! Kanskje det lagar seg med ein liten filippine?

Biletet er tatt i Mexico City for vel eitt år sidan, då ekteparet var på brullypstur.


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa