Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Fantastisk stemning i Lageret!
Av: Linn Gjerde 01.05.2006

LagerLyd 06 er over, og me kan igjen pusta litt letta ut. Det gjekk bra, sjølv om bankautomaten ei stund var på villspor i posten, lydmannen i utgangspunktet ikkje hadde nok straum, og lydsjekkane blei svært forseinka. For sjølv om det er mykje stress og nervar på førehand er det utruleg kjekt å sjå at Bjoa LagerLyd er eit arrangement som folk faktisk vil gå på!

Publikum svikta ikkje, og me var nesten like mange som i fjor. Rundt 100 musikkglade var samla i lageret på innbjoa kai for å kose seg med musikk, mat og god drikke.

Utrulig kjekt å sjå at så mange som var på LagerLyd året før hadde funne vegen tilbake i år! Det kan jo tyde på at folk har hatt det kjekt! Her var både bjoabu, hyttefolk og tilreisande. Her var gamle og unge i skjønn foreining.

Inger Mari Hetland starta med viser som var kjente og kjære, og allsongen runga gjennom rommet på ”I natt jag drømde”. Og Martha H Birkeland spelte folkemusikk og song så fint, så fint.

Ingen Bjoa LagerLyd utan bjoabuar på scenen. Ingvild og Mildrid Arianson fekk verkeleg visst at det finns talenter på Bjoa!! Det var ”gåsehud på ryggen-tendenser” då dei song tostemt!

Pål Flåtene hadde i år med seg bandet Leftovers, det var første gangen dei spelte ”live” og debuten var upåklageleg! Her fekk folk fart på dansefoten og.

Endå meir dans blei det då energibomba Siri Nesse entra scenen, her var det full guff med musikk frå fleire tidsepokar. Det kokte framme med scenen.

Då Emily Plays gjekk på med sitt akustiske sett, tok det heilt av i lageret. Her var det allsong og dans, og på ”Hey Jude” trur eg publikum overdøva vokalisten! Det var ein magisk augneblink, og bandet var storfornøgd med Bjoa-publikumet!

Kveldens siste band var Bjoabandet The Fence som fekk fart i rockefoten til det danseglade publikumet. Også her blei det litt allsong på Lo-Lo-Lo-Lo LOLA!

Super innsats både på og utanfor scenen.

Å få til LagerLyd er mykje arbeid, men på sjølve kvelden er alt slikt gløymt, då er det berre kjekt å sjå at slikt går ann på Bjoa. Då er det berre kjekt å sjå alle dei glade fjesa, alle som dansar og syng med. Og den fantastisk gode stemninga då, folk er så venlege og kjekke!

Men LagerLyd er sjølvsagt heilt avhengige av gode hjelparar. Marianne som stod bak baren for andre gong på rad, Dimo som gjorde alt for at ingen skulle få snike seg inn (så vidt eg slapp å betala, he- he) , Roald (godt Jarle har ein del brør slik at me har eit ”lager” å ta av), Bjarte og Håvard som var smilande dørvakter heilt til klokka to på natta. Og så er det jo sjefsvakten då, Jarle, utan han hadde det ikkje vore mogleg å prøva å få til eit så vellukka arrangement ein gong!

Og så er det jo den stakkars familien min då, som har rigga slagverk, kutta salat og konstruert lys-stativ! Alt dei blir utsette for pga meg! Hadde ikkje blitt LagerLyd utan dei heller!

Og sist, men ikkje minst, ei takk til familien Johannessen som stiller lageret til disposisjon!

Tusen takk til alle som har vore med å gjera LagerLyd så vellukka, kanskje me kan få til noko ein annan gong og?!

Fleire bilete vil etter kvart bli å finna på heimesida mi.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa