Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Vaksen-mangel i 4H
Av: Liv-Kari Bødtker 28.11.2005

Etter ein strålande haustfest med flott underhaldning og nesten 30 utstilte oppgåver, slit Bjoa 4H med å skaffa nye vaksne klubbrådgjevarar når eit nytt arbeidsår står for døra.

På haustfesten blei det kunngjort at dei vaksne som til nå har stått bak og hjelpt medlemene med drifta av klubben, av ulike årsaker ønska avløysing. I klubben sin 37-årige historie, har dette med vaksenleiarar løyst seg utan problem kvart år. Men denne gongen ser det vanskelegare ut.

Fredag etter årsmøtet blei det halde forledremøte, for å prøva finna ei løysing og eventuelt frå fleire forledre på banen. Men dagen var dårleg, og elles er det vel litt skummelt å stilla på slike møte, for berre fire foreldre møtte... Det nyvalde styret er alt i gang med forslag til årsplan for neste år, men dei treng fleire vaksne med seg for å klara gjennomføra aktivitetar og oppgåver.

Me har fått med oss 2-3 vaksne som er villige til å hjelpa til, og to av medlemene har tatt på seg oppgåva med å vera aspirantleiarar. Likevel er det svært ønskeleg med fleire vaksne slik at ansvar og oppgåver kan fordelast, og jobben ikkje blir så stor på kvar enkelt. Liv-Kari har lova vera med som «klubbrådgjevar-rådgjevar», og Rogaland 4H har kjempekjekke kurs og gode handbøker for dei vaksne. Dette er altså ei oppgåve dei fleste kan klara, og me håpar nokon der ute er med å ta ansvar for at Bjoa 4H kan fortsetja i dei samme gode spora som før!

Me skal ha vaksenmøte på torsdag. Ta kontakt med Liv-Kari (53 76 99 62 / 415 49 252) snarast viss du har tid å avsjå til ein givande fritidsaktivitet!

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa