Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Stegaberg - Bjoa 3 - 2 (3-0)
Av: Trygve Hetland 22.09.2000

Bjoa tapte igjen - mest på grunn av ein uvanleg svak 1. omgang.

Frakkagjerd, 15. september kl 18:00.


Bjoa spela den svakaste 1. omgangen denne sesongen. Det var liten innsats hos dei fleste spelarane, og dårleg markering i forsvar resulterte i baklengsmål. I tillegg var Stegaberg åleine med Bjoa-målmannen, Stig Dommersnes, minst eit par gonger, men han let seg ikkje overlista. NÅr stegaberg leia 3-0 til pause etter mål i det 10., 22., og 42. minuttet, var det fullt fortent. Bjoalaget greidde ikkje å få til såpass samspel at det kom til målsjansar.



Men i pausen var Bjoa-spelarane einige om å ta i meir i 2. omgang, og jammen skjedde det ôg, for Bjoa styrte resten av kampen. Alt etter 4 minutt kom første reduseringa, ved Roy Erik Hetland, men når den neste ikkje kom før det var 4 minutt igjen, ved Inge Espenes, kunne ikkje Bjoa få med seg poeng.



Stegaberg forvarte seg godt, trekte laget tilbake på banen, hadde kontring med stolpeskot og sikra ein fortent siger. Bjoa-laget reiste seg i 2. omgang, spela tidvis godt, men det var den forferdelege 1. omgangen spelarane snakka om etter kampen.



Bjoa sitt lag mot Stegaberg

Stig Dommersnes, Karl Inge Nymark, Åge Solberg, Inge Espenes, Dagfinn Knuten, Kenneth Knutsen, Tommy Dommersnes, Tormod Sandsgård, Øystein Sandsgård, Roger Rolfsnes, Roy Erik Hetland, Jostein Knutsen, Roald Sandsgård, Ivar Halvorsen, Ole Bjørn Bjordal



Grannarstjerner: 3 – Tormod Sandsgård, 2 – Stig Dommersnes, 1 – Jostein Knutsen

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa
• 02.11 - Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld
• 01.11 - FAMILIETRIMMEN
• 03.10 - Helselagsbasaren - 11.10. kl. 18.30 på Helsehuset
• 15.09 - Bjoa Båtlag - Innkalling til høstdugnad
• 03.09 - Bjoaspretten - slik Eli Soltvedt opplevde den
• 06.08 - Buo Landhandel er slutt 11. august
• 02.08 - Buo Landhandel slutter av 25. august
• 21.07 - Bruktsalg på Utbjoa - Vikevegen nr 2361
• 04.07 - Bjoa - 12 turtips fra en reiseblogger