Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Ferkingstad - Bjoa 3- 2 (2-1)
Av: Trygve Hetland 14.09.2000

Bjoa tapte så vidt etter god innsats og dramatikk

Det var blikkstilt då Bjoa-laget reiste til Ferkingstad, men der gjekk havet kvitt, og kulingen sveipa langs etter banen. Med vinden i ryggen i første omgang burde Bjoa tatt leiinga, men til og med straffespark blei spolert.

Og då Bjoa-spelaren Frode Berge overraskande fekk det raude kortet av dommaren midt i omgangen, visste alle at det kom til å bli vanskeleg for Bjoa å få med seg poeng. Minuttar etter sette Ferkingstad inn 1-0 i motvinden, men IngeEspenes utlikna til 1-1 etter 40 minutt. Bare minuttet etter blei ein Ferkingstadspelar felt, og straffesparket til heimelaget resulterte i 2-1 ved halv tid.



Pausen blei nytta godt, fleire spelarar hadde fått seg nokre smellar, formasjonar og spelardisponeringar blei diskutert og samla laget til innsats. Og oppmuntringa kom i første minutt av andre omgang då Tommy Dommersnes utlikna til 2-2, men midtvegs i omgangen greidde ikkje Bjoa-laget stå mot Ferkingstad i vinden, og etter 10-12 hjørnespark blei det 3-2 til heimelaget.



Sjølv om Bjoaspelarane la ned eit solid arbeid i alle lagdelar, greidde ikkje laget å utlikna fleire gonger. Ferkingstad skapte bare sjansar framfor Bjoamålet på hjørnespark.



Men dramatikk var det heile kampen igjennom, og ein visste aldri når dommar Arne Katla Tveit, Sveio, dømte frispark, viste gule eller raude kort. Hans vurderingar av kva som var hardt spel eller stygt spel sette nok sitt preg på spelarane og kampen for begge laga, for "kort-stokken" blei brukt flittig: I tillegg til eit raudt til Bjoa og fire gule, fekk Ferkingstad eit raudt og fire-fem gule. Dette kjem til å få konsekvensar i resterande kampar når spelarar må stå over kampar på grunn av kort.



Bjoa sitt lag mot Ferkingstad

Stig Dommersnes, Åge Solberg, Tormod Sandsgård, Inge Espenes, Dagfinn Knutsen, Tommy Dommersnes, Bjørn Helge Snadsgård, Øystein Sandsgård, Roy Erik Hetland, Roger Rolfsnes, Frode Berge, Jostein Knutsen, Kenneth Knutsen, Karl Inge Nymark.



Grannarstjerner: 3 - Tormod Sandsgård, 2 - Øystein Sandsgård, 1 - Dagfinn Knutsen



Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa
• 02.11 - Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld
• 01.11 - FAMILIETRIMMEN
• 03.10 - Helselagsbasaren - 11.10. kl. 18.30 på Helsehuset
• 15.09 - Bjoa Båtlag - Innkalling til høstdugnad
• 03.09 - Bjoaspretten - slik Eli Soltvedt opplevde den
• 06.08 - Buo Landhandel er slutt 11. august
• 02.08 - Buo Landhandel slutter av 25. august
• 21.07 - Bruktsalg på Utbjoa - Vikevegen nr 2361
• 04.07 - Bjoa - 12 turtips fra en reiseblogger