Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Morgonsvatnet
Av: Oddbjørn Gjerde 02.05.2005

Om ein mangler tur alternativ, er Morgonsvatnet eit godt et.
















Odd Gjerde, far min, har vert på dei fleste tindar rundt om i Sunnhordlands bassenget, og når då sonen er glad i tur og fiske, er det mange gode forslag der en kan få i pose og sekk. Alt etter kor hard en vil ha turen! Itte litt egg og jordbærsyltetøy tidleg søndagsmorgen var det derfor fram med kart for å finna destinasjon for dagen!




Valget falt på Morgonsvatnet. Ein tur me estimerte til å ta ca ein og ein halv time i alright tempo. Folk kan jo sjøl tippa kor lang tid det tar for dei, men om Odd seie kor lang tid det tar, er det som regel rett, et par minutt fra eller til! (Vel og merke etter tido då han var litt sprekare).

Oddbjørn følte seg så inderlig sprek og fresh den dagen, så feltet blei dratt ganske så hardt opp bakkane til Vikestødln. Så spreke var han at det var skuffelse å spora når det satt folk i solveggen ved hytto og Odd satt seg i den vante posisjonen han hadde i ein mannsalder. Uansett om det var skuffandes å setta seg ned, er det alltid gøy å slå av ein prat med kjens folk! Så når me vinka farvel, var det vel egentlig med godt humør og enda meir oppdagelses giv Morgonsvatnet skulle bestigas.

Turen opp er jo litt tung, sidan ein går på myr, men når ein er A-lags spelar på Bjoa ser ein det jo som litt etterlengta trening. Det var med andre ord ein svett gjeng som fekk sjå Morgonsvatnet bre seg ut for dei med sin fantastiske beliggenhet, der vatnet var fullt med aure som spratt og skreik til Oddbjørn og Sinead, sjå på meg, sjå på meg. Tankane om å bli turguide for tyskerar og andre drømmar flaut gjennom mitt svetta hår!! Plassen var jo som skapt for ein drømmar som meg!!!!



Sinead meinte då at dinosaurane nok kunne hatt et fint liv her. Tankane mine tok sjølsagt ein venstresving og det tok litt tid før eg var tilbake i den vanlege verden igjen.

Etter mat og ein liten uttøying tok det ikkje lang tid før stengene blei klargjort og spinnerane festa. Sinead og Oddbjørn sneik seg ned dalsido med drømmar i blikke... kunne det vera stor aure i vatnet?? Det var så sinnsykt med vak at Sinead, som ikkje er kjent for å tilbringt mest tid på fiska aure, blei rett og slett fuktig i blikket!! Endelig forsto hu korfor eg og kompisane snakke så møkje om fiske!!

Sjøl om ikkje fisken er enorm i størrelse er det god fight i han, men litt sky! Men med tålmodighet og tid, ordne det seg alltid!




Me enda vel opp med 10 aurar og med ein ny drøm om telt og pinnabrød så fort som mulig ved Morgensvatnet!


Foto: Oddbjørn Gjerde



Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa