Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Bjoa vann fortent 3-1 borte mot Kolnes
Av: Trygve Hetland 28.08.2000

Kolnes leia 1-0 til pause, men Bjoa sette inn 3 mål i 2. omgang og vann kampen fortent.

På ein glatt og tung bane hadde begge laga godt oppbygde angrep i 1. omgang. Bjoa hadde sine beste sjansar etter innlegg frå sidene, og Kolnes sine beste ved frispark og hjørnespark.



Baneforholda spela ei viss rolle, og det var ein slik situasjon som førte til Kolnes sitt mål etter ein glipp i midtforsvaret.

Utlikninga kom etter 10 minutt i 2. omgang ved Øystein Sandsgård som hadde lengste tåa på eit innlegg. Og 2 - 1 til Bjoa heada Frode Berge inn på eit fint innlegg frå Roger Rolfsnes etter godt spel. 15 minutt før kampslutt fastesette Roger Rolfsnes resultatet til 3 - 1 etter langskot over keeper.


Kolnes hadde mindre å visa fram utover i kampen - bare halvsjansar som Bjoa-spelarane var med på å stella til på det glatte underlaget. Bjoa-laget fungerte elles godt, disponering av spelarar, ut- og innbytting og skifting av plassar på laget under kampen fall heldig ut. Og med 3 poeng i lomma var det fornøgde spelarar og trenarar som reiste heim.




Bjoa sitt lag mot Kolnes:

Stig Dommersnes (1. omg), Roald Sandsgård (2. omg), Frode Berge, Inge Espenes, Tormod Sandsgård, Dagfinn Knutsen, Tommy Dommersnes, Bjørn Helge Sandsgård, Øystein Sandsgård, Roy Erik Hetland, Roger Rolfsnes, Jøran Sørensen, Karl Inge Nymark og Kenneth Knutsen




Grannarstjerner: 3 - Bjørn Helge Sandsgård, 2 - Frode Berge, 1 - Roger Rolfsnes


Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 24.04 - Bygdakafe på Helsehuset
• 24.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2019
• 08.04 - Basar på Utbjoa Bedehus
• 18.03 - Invitasjon til førstehjelpskurs på Helsehuset
• 14.03 - BBU avholder årsmøte i kveld
• 12.02 - Bjoa Båtlag - Innkalling til Årsmøte
• 04.02 - Handlebussen Bjoa - Vikebygd
• 29.01 - Velkommen til Kløvertreff på Helsehuset
• 29.01 - Årsmøte i Fotballgruppa
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa