Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Om Bjoanett
Av: Jarle Sandsgård 21.09.2004

Bjoanett er Bjoa si elektroniske oppslagstavle



Bjoanett er eigd av Bjoa Bygdutviklingslag, og er bygda si "elektroniske oppslagstavle". Her kan kven som helst leggje inn artiklar, føre opp arrangement i kalendaren, leggje inn gratis rubrikkannonsar og delta i diskusjonar m.m.


Redaktør er Marit Eikehaugen.

Alt arbeid blir gjort på dugnad, både når det gjeld innhald og det tekniske bak sidene.


Idéen om Bjoanett kom frå Torbjørn Hamre hausten 1999. Saman med Jarle Sandsgård blei det i løpet av seinhausten '99 og like etter nyttår 2000 jobba med praktiske ting og å finne tekniske løysingar.

Ein av sakene som måtte løysast, var å få tak i eit domenenavn (http://eit-eller-anna...). Navnet Bjoa måtte sjølvsagt vere med, men den gong var det ikkje lov å bruke stadnavn i domenenavn. http://www.bjoa.no var dermed uaktuelt.

Ein ville helst ha eit ".no"-domene, det vil seie eit norsk domene.
Navnet blei derfor http://www.bjoanett.no. Heller ikkje dette var heilt fritt for problem. Slik regelverket var den gong, var det berre registrerte organisasjonar som fekk norske domenenavn, og domenenavnet måtte ha noko med organisasjonsnavnet å gjere.

Organisasjonen Bjoanett blei derfor skipa, og det blei søkt om å få domenenavnet www.bjoanett.no.

Bjoanett si første offisielle side blei lagt ut 14. februar 2000, og var då ei statisk side som inneheldt fem artiklar. Klikk her for å lese første den første artikkelen som blei lagt ut på Bjoanett

At sidene var statiske vil seie at ein lagar ferdig ei side med alle formatteringar som skrifttypar osv og lagrar denne på serveren der internettsidene er lagra.
Dette er tungvint, så det blei sett i gong eit arbeid for å utvikle eit databasesystem som ville gjere arbeidet enklare.

Det første databasesystemet, der brukarane av Bjoanett sjølv kunne leggje inn informasjon, var ei slags oppslagstavle. Ho hadde ei litt anna form enn i dag, men nå finn du ho igjen i ei forenkla utgave som rubrukkannonse-systemet. Annonsesystemet på Bjoanett er med andre ord det første dynamiske systemet som blei tatt i bruk, dette skjedde 18. mars 2000. Klikk her for å lese artikkelen som introduserte oppslagstavla

Det neste som sto for tur, var å utvikle eit system som kunne handtere artiklar, slik at kven som helst kunne vere journalist for Bjoanett utan å måtte kunne noko om det å lage internettsider.
Systemet blei teke i bruk 20. mars 2000, og er det samme som blir brukt i dag, det har berre blitt gjort småendringar sidan den gong.

Klikk her for å lese artikkelen som introduserte det nye artikkelsystemet




Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 31.08 - Bjoa Helselag inviterer til basar
• 31.08 - Helselaget inviterer til damekveld med sjokolade
• 18.07 - Bjoa Båtlag inviterer til familiedag
• 03.07 - Hage, familiedag på Bjoa
• 20.06 - Basar
• 30.05 - Velkommen til medlemskveld i Bjoa Helselag
• 13.05 - 17. mai på Bjoa - Program for dagen
• 25.04 - Bjoa Båtlag – Vårdugnad
• 18.04 - Bjoa Båtlag - Havnevakter 2017
• 07.04 - Bjoa IL - Påskebasaren 2017