Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Endeleg siger til Bjoa - Stegaberg fekk sitt første tap.
Av: Trygve Hetland 26.06.2000

Laurdag 17. juni fekk Bjoa sin første siger denne sesongen, då dei vann 5-1 over Stegaberg, eit lag som så langt ikkje hadde tapt.

Denne kampen var det Bjoa som kom best i gong i og styrte frå start til slutt. Jøran Sørensen som var tilbake etter skade, stakk mellom passive Stegabergforsvarar alt etter eitt minutts spel og sette ballen i mål. 1- 0 til Bjoa heldt seg heilt til siste minuttet i omgangen. Då la Inge Espenes i veg frå eigen 16-meter til motstandaren sin 16-meter før han gav ballen frå seg: 2 – 0 til Bjoa. Både motspelarane og enkelte medspelarar, som trudde ein skulle få ei fin pasning, fortvila, men heile Bjoa-laget jubla då dei gjekk til pause. Inge Espense smilte, dusja og måtte skunda seg tilbake på jobb.



2. omgang starta like godt for Bjoa: Etter 3 minutt: 3-0 ved Jøran Sørensen, og etter 8 minutt: 4-0 ved Frode Berge. Begge måla kom etter godt pasningsspel og gode løp på venstresida der Roger Rolfsnes var svært aktiv. Utover i omgangen svinga kvaliteten på spelet ein del. Bjoa visste at poenga var sikra, og Stegaberg hadde lite å stilla opp med. Men eitt mål fekk dei etter 24 minutt. Bjoa var snar frampå etter 27 minutt, igjen ved Jøran Sørensen, som sette inn sitt 3. mål . Solid 5-1 siger til Bjoa vart også sluttresultatet.



Sjølvtilliten i Bjoa-laget burde vera styrka etter denne kampen. Kvaliteten på pasningsspel, løp og avslutningar viser framgang. Agressiviteten og angrepsviljen hos spelarane viste også frå første spark på ballen. Det var mange harde duellar, særleg på midtbanen, men trioen Bjørn Helge Sandsgård, Øysten Sandsgård og Roy Erik Hetland kom godt frå det harde arbeidet. Elles viste det kor godt det er å ha ein så rask og målfarleg spelar som Jøran Sørensen på laget. I tillegg til å laga 3 mål, hadde han også fleire målsjansar.



Det vart delt ut to gule kort, eitt til Stegaberg og eitt til Bjoa (Roy Erik Hetland). Dommaren bles ikkje for mykje i fløyta, men det gjekk ut over begge laga. Også etter denne kampen måtte to spelarar til lege for å sy kutt etter å ha vore uheldige og skalla saman.
Rogaland Fotballkrets hadde sensor på kampen, og det er truleg første gongen Bjoa har hatt slikt besøk. Han skulle først og fremst sjå på dommaren, men også på avviklinga av kampen.



Bjoa sitt lag mot Stegaberg: Stig Dommersnes, Åge Solberg, Tormod Sandsgård, Inge Espenes, Oddbjørn Gjerde (2. omgang), Frode Berge, Jostein Knutsen, Karl Inge Nymark (30 min), Bjørn Helge Sandsgård, Øystein Sandsgård, Jøran Sørensen, Roger Rolfsnes, Ole Bjørn Bjordal (10 min) og Roy Erik Hetland.



Grannarstjerner:

3 - Øystein Sandsgård, 2 - Jøran Sørensen, 1 - Bjørn Helge Sandsgård

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa
• 02.11 - Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld
• 01.11 - FAMILIETRIMMEN
• 03.10 - Helselagsbasaren - 11.10. kl. 18.30 på Helsehuset
• 15.09 - Bjoa Båtlag - Innkalling til høstdugnad
• 03.09 - Bjoaspretten - slik Eli Soltvedt opplevde den
• 06.08 - Buo Landhandel er slutt 11. august
• 02.08 - Buo Landhandel slutter av 25. august
• 21.07 - Bruktsalg på Utbjoa - Vikevegen nr 2361
• 04.07 - Bjoa - 12 turtips fra en reiseblogger