Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Ølen kommune i eit nøttaskal
Av: Arnfinn Vølstad 15.06.2000

Ølen kommunestyre og eit Bjoafirma avtalte ein årleg kapproing i ein åtter. Begge mannskapa trente lenge, og då dagen endeleg kom, var begge lag i toppform.

Bjoafirmaet vant med ein kilometer, og etter nederlaget var moralen heilt på bånn hjå kommunestyrelaget. Ledelsen bestemte derfor at kommunestyret skulle vinne neste år.

Det blei derfor sett ned ei prosjektgruppe for å undersøke kor problemet låg. Prosjektgruppa fant etter nøye undersøkelse ut at Bjoafirmaet hadde sju mann til å ro, og ein mann til å styre. Kommunestyret derimot, hadde sju til å styre, og ein til å ro.

I denne krisesituasjonen viste ledelsen betydelig handlekraft. Ein engasjerte med ein gong eit rådgjevingsfirma til å undersøke kommunelagets struktur, og etter fleire månadars arbeid, kom ekspertane fram til konklusjonen, at det var for få til å ro.

På bakgrunn av ekspertane sin rapport, blei det straks foretatt endringar i laget sin struktur.
Ein hadde no fire styrmenn, to overstyrmenn,ein styreleder,
og ein roer.Dessuten bestemte ledelsen å gje roaren større
arbeidsomrade og utvida ansvar.

Året etterpå vant Bjoafirmaet med to kilometer.

Kommunestyret sparka han som rodde på bakgrunn av dårleg
prestasjon,og beslutta å utvikle ein ny båt. Rådgjevings-
firmaet blei rost for eit godt stykke arbeid,og ledelsen
blei belønna for eit meget godt prosjekt, og skikkelig
bra initiativ.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 02.11 - Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld
• 01.11 - FAMILIETRIMMEN
• 03.10 - Helselagsbasaren - 11.10. kl. 18.30 på Helsehuset
• 15.09 - Bjoa Båtlag - Innkalling til høstdugnad
• 03.09 - Bjoaspretten - slik Eli Soltvedt opplevde den
• 06.08 - Buo Landhandel er slutt 11. august
• 02.08 - Buo Landhandel slutter av 25. august
• 21.07 - Bruktsalg på Utbjoa - Vikevegen nr 2361
• 04.07 - Bjoa - 12 turtips fra en reiseblogger
• 24.06 - Bli med på blåtur i bygda