Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Målrikt - men tap for Bjoa
Av: Trygve Hetland 23.05.2000

Bjoa tapte 4-3 mot Falkeid etter ein puslete 1. omgang. Laget låg under 3-0 til pause, slapp inn eitt til like etter at 2. omgang starta, og på stillinga 4-0 blei opphentinga sjølvsagt umogeleg, og sluttstillinga blei 4-3 tap.

Før bortekampen fredag i Tysværvåg mot Falkeid visste Bjoa-spelarane at dei måtte kom godt i gong i 1. omgang viss dei skulle vinna kampen. Det gjorde dei slett ikkje. Falkeid utnytta Bjoa sine feilpasningar i midtbaneposisjon, sette fart og avslutta agressivt og bestemt med skot i mål 3 gonger. Men det første målet kom på straffe etter at raske Falkeid-spelarar tvinga fram felling då Bjoa-spelarar ikkje greidde å henga med i spurtduell mot Bjoa-målet. Og det skulle bli 4-0 til Falkeid på frispark og retur frø Bjoa starta opphentinga etter at laget hadde endra formasjon ved pause.

Med 3 forsvarsspelarar, resten på midtbanen og i angrep, føregjekk mest heile 2. omgang på Falkeid sin banehalvdel. Heimelaget hadde sprunge frå seg i 1. omgang og let Bjoa ta over, styra spelet og hadde nok med å klarera innlegg og framspel mot Falkeid sitt mål. Først midt i 2. omgang kom første Bjoa-mål ved Frode Berge. 10 minutt etter var det Oddbjørn Gjerde sin tur, og berre minuttar før full tid sette Roy Erik Hetland inn sluttresultatet til 4-3.
Mellom desse scoringane, og før og etter, var det store målsjansar for Bjoa, men det hjelper ikkje å "sjå" ballen i mål når han går utanfor målstengene! Heimelaget kunne jubla for den første sigeren då dommaren endeleg bles av kampen, og Bjoa fortvila for å ha rota seg bort. For med 3 mål "rette" vegen burde det vera nok til poeng for Bjoa.



I ettertid vil Bjoa-spelarane nok ein gong irritera seg over ein flau 1. omgang og fortvila over ikkje å ha scora nok mål til å vinna ein kamp der dei så til dei grader dominerte kampen i 2. omgang. Omorganisering som trenarane gjorde i pausen hjalp, skjerpinga hos Bjoa-spelarane det same, men også at Falkeid fall saman var ikkje nok. Til neste kamp må starten på kampen også vera god, elles kan laget også gå poenglause frå heimebanen.



Grannar stjerner: Frode Berge 3 , Roy Erik Hetland 2, Oddbjørn Gjerde 1.




Lørdag 27. mai kl 15:00 ser du Bjoa - Ferkingstad på Bjoa Stadion.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 02.11 - Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld
• 01.11 - FAMILIETRIMMEN
• 03.10 - Helselagsbasaren - 11.10. kl. 18.30 på Helsehuset
• 15.09 - Bjoa Båtlag - Innkalling til høstdugnad
• 03.09 - Bjoaspretten - slik Eli Soltvedt opplevde den
• 06.08 - Buo Landhandel er slutt 11. august
• 02.08 - Buo Landhandel slutter av 25. august
• 21.07 - Bruktsalg på Utbjoa - Vikevegen nr 2361
• 04.07 - Bjoa - 12 turtips fra en reiseblogger
• 24.06 - Bli med på blåtur i bygda