Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Førjulsstemning på biblioteket
Av: Elin Arianson 15.12.2003

I dag er det siste opningsdag for Bjoa Boksamling før me tek juleferie.

Opningstida for boksamlinga er som vanleg kl 17-19.
Hausten har vore prega av godt besøk og godt utlån frå boksamlinga. Mange har funne vegen til skulen mandag ettermiddag og som regel har det vore høve til å få seg ein kaffitår og ein drøs i tillegg.
Dei som kjem innom boksamlinga i ettermiddag vil få servert gløgg og pepperkaker - ei markering av at det no er like før jul.
Julehøgtida som vi no står framfor er fullspekka med tradisjonar. Nokre har kanhende lesestunder innarbeida i sine tradisjonar i juletida. For dei som ikkje har det er det verd å prøva! Både høgtlesing for kvarandre og ei stille stund for seg sjølv innimellom "slagene" med familiebesøk og andre julearrangement kan gi deg nye opplevingar og mykje glede - både aleine og saman med andre!
I boksamlinga finn du noko for einkvar smak. Det kan vera lurt å sikra seg nokre ekstra bøker til julehelga, - kan hende får du tid til å lesa fleire bøker enn du tror? Bøker du låner i dag kan du kosa deg med til vi opnar igjen over nyttår.
Foto: Marit Eikehaugen, frå opninga av Bjoa Boksamling tidlegare i haust

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 02.11 - Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld
• 01.11 - FAMILIETRIMMEN
• 03.10 - Helselagsbasaren - 11.10. kl. 18.30 på Helsehuset
• 15.09 - Bjoa Båtlag - Innkalling til høstdugnad
• 03.09 - Bjoaspretten - slik Eli Soltvedt opplevde den
• 06.08 - Buo Landhandel er slutt 11. august
• 02.08 - Buo Landhandel slutter av 25. august
• 21.07 - Bruktsalg på Utbjoa - Vikevegen nr 2361
• 04.07 - Bjoa - 12 turtips fra en reiseblogger
• 24.06 - Bli med på blåtur i bygda