Bli medlem
Logg inn
Framsida
Artikkel-arkiv
Kalendar
Fotoalbum
Links

Gjestebok

Legg inn artikkel
Legg inn arrangement
Legg inn annonse

Tilbakemelding/tips

Om Bjoanett

Bjoa spela uavgjort også i første heimekamp
Av: Trygve Hetland 13.05.2000

Fredag 12. mai spela Bjoa og Kolnes 0-0 på Bjoa Stadion i seriekamp i 5. divisjon.

Endeleg kamp på Bjoa - sidan det var spelefri sist helg - men å møta Kolnes,
eit lag som hadde tapt dei to første kampane, vart tøffare enn dei fleste Bjoa-spelarane hadde tenkt.

Kolnes tok føringa frå første spark på ballen med agressivt og tøft spel,
lange framspel og innlegg framfor mål førte til harde duellar i kampen om ballen.
Men - Bjoa kan vera glad dei greidde å halda nullen til pause. I den andre enden av banen løyste Bjoa
knapt eit skot - og heller ikkje hadde Bjoa etablert angrepsspel.



Heldigvis er ofte ikkje 2. omgang lik første. Som mot Djerv i første kamp, greidde Bjoa etter
harde duellar og tacklingar å vinna ballen i midtbaneposisjon og spela seg til sjansar etter innlegg frå
vingane. Bjoa hadde 2-3 gode målsjansar, men ingen greidde å få ballen i mål. Heller ikkje Kolnes
når dei var på sine farlege gjennomspel greidde å overliste Bjoa-forsvaret eller 16-åringen
Stig Dommersnes i mål. Det såg stygt ut då det vart 3 min. tillagt speletid og corner til Kolnes, men
denne gongen bles dommaren kampen av, slik at det enda 0-0.



Forsvarsspelarane til Bjoa var svært nøgde med at dei hadde halde nullen, midtbane-spelarane at dei
hadde heva seg i 2. omgang og vunne dei fleste duellane, mens angriparane fortvila for at dei
ikkje hadde greidd å få inn ein av dei gode målsjansane.




Det blei flere spelarbytte og rokkering på Bjoa-laget i løpet av kampen før trenarane syntes at laget
fungerte bra nok. Både Oddbjørn Gjerde og Tommy Dommersnes gjorde sine saker bra då dei kom inn.
Elles var Inge Espenes i midtforsvaret og kaptein Tormod Sandsgård bak på midtbanen solide spelarar.



Sidan kampen var prega av mange harde tacklingar og kampar om ballen, blei det også mange avblåsingar
og stopp i spelet for skader.


Verst gjekk det ut over Jøran Sørensen, midtspissen til Bjoa, som måtte på sjukehus etter spark i ansiktet.
Han blir nok ikkje med på fleire veker.



Neste kamp for Bjoa er borte mot Falkeid fredag 19. mai. Det kan også bli vanskeleg å vinna den kampen, for
Falkeid har tapt sine 3 kampar til nå. Bjoa-Ferkingstad ser du lørdag 27. mai kl 15:00 på Bjoa Stadion.

Tips ein venn!
Send eit tips til andre om denne artikkelen ved å fylle ut felta under og trykke på 'Send'
Mottakars navn
Mottakars e-post
Ditt navn
Din e-post
 
Klikk her for utskriftsvennleg versjon


Søk i artikler:

Dei siste artiklane
• 26.11 - Sogelaget inviterer til grøtfest på Bjoa
• 02.11 - Bjoa Helselag inviterer til kongelig kveld
• 01.11 - FAMILIETRIMMEN
• 03.10 - Helselagsbasaren - 11.10. kl. 18.30 på Helsehuset
• 15.09 - Bjoa Båtlag - Innkalling til høstdugnad
• 03.09 - Bjoaspretten - slik Eli Soltvedt opplevde den
• 06.08 - Buo Landhandel er slutt 11. august
• 02.08 - Buo Landhandel slutter av 25. august
• 21.07 - Bruktsalg på Utbjoa - Vikevegen nr 2361
• 04.07 - Bjoa - 12 turtips fra en reiseblogger